Kunst
Natt på museet
I Trondheim kan du sove på eit museum.
Foto: Hege Anita Karlsen
I kunsten finn vi mange skildringar av draumar og sovande menneske. Det er mykje sjeldnare med kunst som ein faktisk opplever sovande. Det kan du gjere på Trondheim Kunstmuseum fram til 27. februar. I utstillinga Drawings Belonging to the Heart har den trondheimsbaserte kunstnarduoen Hertling & Andreassen laga ei utstilling der vi vert kjende med sjølve museumsbygget på ein heilt spesiell måte.
Eg har trakka i desse salane gjennom meir enn tjue år, likevel vart denne natta ei helt ny oppleving. For meg som er så kveldstrøytt, var det herleg å tusle til eit arrangement om kvelden utan å kvi meg for kor trøytt eg ville vere på heimvegen. Tvert om, arbeidsdagen var for lengst over og familieaktivitetane unnagjort.
Det var med lette skuldrer eg stega opp trappene til museet klokka ti om kvelden. Her sette vi oss med te og frukt saman med dei andre overnattingsgjestane, før vi skifta til pysj og slåbrok og vart viste sengene våre i Skulptursalen av ei nattvertinne. Her kan vi breie over oss tjukke dyner utlånte frå Britannia Hotel og verte lulla (lokka) i svevn av tonane til musikaren Kåre Indrehus. Kven som underheld, varierer frå kveld til kveld.
Ute var det storm, dei klaprande lydane frå dei slanke og spinkle glasdørene mot Bispegata blanda seg inn i draumane. Det var ei overraskande fin oppleving å både sovne og vakne innhylla av kunst, inne i eitt av landets eldste bygg som er bygt for kunstutstillingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.