Kunst
Meir enn ei fantasifull verd
Ingenting er som du trur i utstillinga Kunne ikkje forstå deg flytande... på Hå gamle prestegard.
Brynhild Grødeland Winther: «Vatn heng ikkje på greip» (stort) og «Anker 3» (lite), teikning 2021–22.
Alle foto: Ådne Thomassen
Berre ein steingard og ei rullesteinsstrand skil havet frå prestegarden. Her gjekk ein gong hovudferdselen mellom Stavanger og Sørlandet. Den siste presten reiste i 1919, og frå 1983 har bustadhuset vore kafé og driftsbygningane utstillingslokale. Fram til 15. januar 2023 kan du sjå teikningane til Brynhild Grødeland Winther i ei av løene, som no har kvitmåla veggar og små vindauge mot havet og den høge himmelen.
Winther vaks opp på ein bondegard på Jæren, studerte treskjering i Ålesund og den samiske kunsthandverkstradisjonen duodji i Kautokeino, før ho i 2018 fullførte mastergrada ved Kunsthøgskulen i Bergen. Berre det siste året har ho hatt soloutstillingar i Bergen, Haugesund, Asker og no på Hå gamle prestegard. Verka er kjøpte inn av blant andre OsloMet og Koro.
Frå ope landskap
Veggane er fulle av svære teikningar. Dei fleste er på rundt 150 x 150 cm. Jo nærmare ein kjem, jo meir intens blir både mengda og typen informasjon. Om du tenkte at du skulle kvile blikket på teikninga «Anker 3», med fantastisk flotte hender, så blir du raskt forstyrra av at hendene held eit anker som igjen riv i ein organisk, rosa masse. På toppen av alt svingar det seg eit snirklande band av bokstavar. Som betraktar blir du ståande og vri på hovudet for å lese setningane. Orda er leitande og utforskande. Du møter ei uroleg sjel.
I dei fleste teikningane er det skapningar som er samansette av fleire dyr. Ein kunne tenkt at dette var fabeldyr, men heilskapen er vondare. Det eventyraktige beveger seg mot mareritt med vanskapningar, som ulven ved roret på den litle treskuta i teikninga «Plasser aldri kaktusen ved sida av vekkarklokka». Ulveøyra er teikna med ein enkel, raud strek. Er det den utspekulerte ulven i eventyret om Raudhette? Vidare er auga og resten av hovudet teikna meir realistisk, med ein snute som gradvis går over til skjelett med blotta tenner. Ikkje eitt sett med tenner, men to.
Er det ein referanse til Xenomorph frå Alien-filmane? Her har me i så fall to legendariske, kjenslelause monster. Dei er ikkje gode inst inne, og slutten er ikkje lukkeleg. Det er lite trøyst i at Winthers ulv har mennesketenner. Kanskje tvert om? Resten av kroppen er liten og søt, med ei bukse av blå himmel med kvite skyer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.