Kunst
Med franske røter
Satirisk betraktning av Parissalongen av Honoré Daumier, «Akk, det ukultiverte og korrupte samfunnet vi lever i!». Litografi frå 1865.
I år er det 140 år sidan den aller første haustutstillinga vart vist i Oslo. Ideen til den juryerte mønstringa hadde norske kunstnarar med seg heim frå utdanningsåra i Paris på tidleg 1880-tal.
Det store forbildet var den verdskjende Salon de Paris. Han vart etablert alt i 1667 som den første årlege kunstutstillinga i verda. Salongen vart eigentleg oppretta for å syne fram den kunstnariske smaken ved det franske hoffet, men utstillinga utvikla seg fort i heilt andre retningar.
Salongen kom til å dikterte kva som var god kunst i heile Europa på 1700- og 1800-talet. Å få stille ut her var svært viktig for karrieren. Dette var ei internasjonal utstilling, også norske kunstnarar, som Edvard Munch og Harriet Backer, stilte ut her. I 1881 klarte Christian Skredsvig noko ingen annan norsk kunstnar hadde greidd: å vinne den gjæve gullmedaljen. Måleriet han vann med, «Ferme à Venoix» (Bondegard i Venoix), heng i Musée de Normandie, ikkje så langt frå der verket vart måla.
Utover 1800-talet vart utstillinga rekna som stadig meir konservativ og utdatert. Uroa som har prega den norske haustutstillinga, er som små krusningar i forhold til dei stormande diskusjonane som har piska kring Parissalongen. Kunstnarar knurra over å ikkje bli valde inn av juryen, kunstelskarar hissa seg opp over det som vart valt ut, og etter kvart kom motutstillingar på rekke og rad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.