Kunst

Må lage kunst utan å be om lov

Martin Parr syner fram det som eigentleg er kjent for oss, men som vi er så vande med at vi er blinde for hakane ved.

«Miyazaki, Japan, The Ocean Dome» (1996)
«Miyazaki, Japan, The Ocean Dome» (1996)
Publisert

Dei heilt uventa opplevingane kan vere dei beste, som då vi ramla inn i Perspektivet Museum frå den kalde, blåsvarte kvelden og vart omhylla av strandbilete med gyllent lys og sterke klare fargar. Sjeldan har ei utstilling hatt ei betre ramme enn mørketida i Tromsø. Det merka ein også godt på besøket, trass i at utstillinga alt har stått lenge.

Perspektivet Museum er ein mangfelt visningsstad, mellom anna med ei utstilling om forfattaren Cora Sandel, som budde i dette huset ein periode. Likevel er hovudfokuset på fotografi i den dokumentariske sjangeren. Museet inngår i eit internasjonalt samarbeid, noko som er medverkande til at dei har kapra ei utstilling av sjølvaste Martin Parr (f. 1952).

Britiske Parr har lenge vore den aller største stjerna på himmelen over dokumentar- og kunstfotografar. Gjennom meir enn førti år har han vist arbeid på sentrale visningsstader og gitt ut meir enn hundre fotobøker. Sidan 1994 har han vore Magnum-fotograf. Magnum Agency er eit verdsleiande kooperativ av dokumentarfotografar. Krava for å verte innlemma er høge, sidan 1947 er berre 79 fotografar tekne inn.

I tillegg til eit særs omfattande kunstnarvirke nyttar han den omfattande kunnskapen om dokumentarfoto til å løfte fram andre fotokunstnarar han synest ikkje får nok merksemd. Han har ei enorm samling av fotobøker, på det meste var ho på fantastiske 12.000 eksemplar. Delar av samlinga vart seld til Tate for å finansiere eit eige fotosenter i Bristol. Senteret har ei brei og omfattande utstillingsverksemd. Det er sjeldan å møte på kunstnarar som arbeider så breitt som dette.

Stranda

I Perspektivet er veggene fylt til randa av foto. Desse verka kler godt å stå tett. Det er som om sanden og badetøyet bind dei saman, trass i at bileta er valde ut frå eit langt tidsspenn. Alt i 1986 gav Parr ut ei fotobok om ein badeby i England, sidan har han jamleg jakta etter motiv verda over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement