Det rasar ein debatt om kvinnehår for tida. Ein kan sjølvsagt diskutere om saka får meir merksemd enn godt er, men slik det er for dei fleste problemstillingar, kan ein også her gå til kunsten for inspirasjon.
I eldre tid er det tynt med kroppshår, med nokre unnatak. Den tyske renessansekunstnaren Albrecht Dürer (1471–1528) studerte anatomi gjennom heile livet. I trykket «Adam og Eva» frå 1504 kan ein skimte nokre krøllete hår over fikenblada. Interessant nok er dei ikkje å sjå i ei seinare utgåve, som vart utgjeven like etter at kunstnaren døydde.
Den franske målaren Henri Matisse (1869–1954) måla gjerne kroppshår på modellane sine. Dei smeltar inn i motiva som dekorative element.
Meksikanske Frida Kahlo (1907–54) er særleg kjend for sjølvportretta sine. Ho var rekna som særs fager. I måleria understrekar ho samanvaksne augebryn og dunbarten. Dei var ein viktig del av identiteten hennar og var med på å gje henne særpreg.
Fleire kvinnelege kunstnarar har skildra dronninga av Saba, som nettopp var kjend for å ha hårete leggar. Brasilsk-engelske Ana Maria Pacheco (f. 1943) laga like godt ein heil grafisk serie om temaet, som slett ikkje er utan humor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.