Kunst

Levande måleri

Verka til Bill Viola er opne. Det vert opp til publikum korleis dei kan tolkast.

«The Greeting», 1995.
«The Greeting», 1995.
Publisert

Mannen ligg livlaus på ei steinplate, omhylla av mørke. Så dryp nokre dropar, dei vert fleire, drønnet av ein mektig foss får det til å riste under fotsolane. Som ved eit under fløymer vatnet feil veg, vekker kroppen til live og dreg han med seg opp og vekk frå oss. Denne himmelfarten er skildra som om dette verkeleg skjedde, samstundes opplever vi det vi ser, som særs surrealistisk.

Kunstnaren bak videoverket «Tristan’s Ascension (The Sound of a Mountain Under a Waterfall)» er den amerikanske kunstnaren Bill Viola (f. 1951), som har markert seg med videoverk sidan 1970-talet. Utstillinga «Into the Light» i Stavanger er den mest omfattande utstillinga av den vidgjetne kunstnaren her til lands, og noko ein absolutt bør unne seg å sjå.

Den storslegne videoinstallasjonen viser korleis Viola konstant går nye vegar i kunsten sin. Dette verket vart eigentleg laga til ei oppsetjing av operaen Tristan und Isolde av Richard Wagner. Viola fylte heile framføringa med likande videoverk. Denne særlege kombinasjonen av levande bilde og opera hadde premiere i Los Angeles i 2004, i regi av Peter Sellars og under musikalsk leiing av Esa-Pekka Salonen.

Surroundlyd

Når «Tristan’s Ascension» er ferdig, startar videoen «Fire Woman», også eit verk frå denne operaen. Her er ei kvinne omslutta av flammar. Filmen endar med at ho lèt seg falle i eit stort basseng, og eldtungene speglar seg i krusingane etter kroppen hennar.

«Tristan’s Ascension» og «Fire Woman» vert viste i eit mørkt rom, mest som om vi står i ei stor grotte, ei kjensle som vert skapt av ein avansert surroundteknologi med kraftig bass. Måten lyden veks fram på frå ulike stader i salen, gjer at vi kjenner oss omfamna av verket, og vi får ei kroppsleg oppleving. Viola maktar å gjere videokunsten sin uvanleg sanseleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement