Kurt Schwitters på Hjertøya
Merzbau på Hjertøya.
Foto: Ismene
Hjertøya er den største av Moldeholmane, ei idyllisk øy for bading og friluftsaktivitetar. Her ligg også den vesle steinbua som den tyske kunstnaren Kurt Schwitters (1887–1948) budde i på 1930-talet. I 1932 leigde han denne potetkjellaren på tolv kvadratmeter på ein tidlegare husmannsplass. Her ville han vere med kone og son om somrane.
Han utbetra husværet på enklast vis, med takpapp og 100 brukte margarinkassar. I tillegg til å ordne seg med vedomn, sengeplassar og slikt ein treng i kvardagen, gjorde han bygget om til eit kunstprosjekt. Schwitters hadde lenge arbeidd med noko han kalla merz-bilde, der papirfragment frå allslags trykksaker var monterte saman til kollasjar. På liknande vis smykka han steinhytta med tette lag av avisutklipp, bilde og dokument, til ei såkalla Merzbau.
Det sterkt eksperimenterande og radikale uttrykket låg fjernt frå kunstmiljøet i Noreg. Schwitters vart nok sett på som ein framand fugl i Romsdalen. Den allsidige kunstnaren var oppteken av norsk natur, og han måla mange landskap i meir tradisjonell stil. Denne delen av kunstnarskapet fall betre i smak og sikra han ei viss inntening også i Noreg.
I fleire år var han på Nordvestlandet i kortare opphald, men den politiske situasjonen i heimlandet skulle endre dette. Over nyttår 1937 fekk Schwitters beskjed om at Gestapo ønskte ein samtale. Då slo han seg ned på Hjertøya, fram til han ?ykta frå Noreg i 1939.
Hytta vart ståande utan tilsyn i 50 år. Først i 2015 vart det unike interiøret konservert og teke vare på i eit eige Schwitters-rom i Romsdalsmuseet i Molde.
Men steinhytta står att på den vesle husmannsplassen, saman med ein kopi av den store merzsøyla han hadde reist her. Hytta er open, og du kan gå inn og sjå kor smått det er. Tenk, her budde ein av Europas kjende ekspresjonistar.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.