JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Kunsten å kommunisere

Lillehammer Kunstmuseum har tromma saman den største mønstringa hittil av den allsidige, grensesprengande og boblande kunstnaren til Hilmar Fredriksen (f. 1953).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hovudsalen i første etasje er fylt med installasjonar, grafikk og veggobjekt. Installasjonen i framgrunnen har tittelen «I det blå». Til høgre for den gule «I BOX» står «Arkimedes skrue», alle av Hilmar Fredriksen.

Foto: Eva Furseth

7722
20231201
7722
20231201

Utstilling

Hilmar Fredriksen:

Øye-blikk

Lillehammer kunstmuseum
21. oktober 2023–3. mars 2024

Hilmar Fredriksen er ein kunstnar eg har følgt med på og sett mange omfattande utstillingar av. Trass i at han var banebrytande på mange vis, er han i dag overraskande nok litt gløymd. Mange kjenner ikkje namnet til denne eigentleg svært sentrale kunstnaren, trass i at hovudverket, det fantastiske «Kommunikasjonsstykke» (1979) har vore vist i den første samlingsutstillinga på Nasjonalmuseet i Oslo.

Fredriksen arbeider i all hovudsak konseptbasert, det vil seie at ideen til verket er langt viktigare enn tilverkinga av det konkrete objektet. På denne måten kan ein overlate sjølve produksjonen av gjenstanden til andre, så lenge dei følgjer rettleiinga til kunstnaren.

Personleg er eg svært oppteken av denne kunstforma. Men i denne utstillinga møter eg meg sjølv i døra. Dette er noko av utfordringa med konseptbasert kunst, heile verket kviler på ein idé. Og kvifor er det ei utfordring? Jo, dersom du har sett det éin gong, og det gjorde stort inntrykk, så skal det mykje til at du gler deg like mykje over gjensynet. Annleis er det med verk som til dømes har måleriske kvalitetar, der ein kvar gong ser noko nytt i måten penselstrøka er påførte overflata på, korleis komposisjonen er utforma, og så bortetter – dette som gjer at ein kan glede seg over verka på nytt og på nytt.

Rullestol

Og Hilmar Fredriksen lagar så gode idébaserte verk at eg hugsar dei så forbaska godt. Eg har sett store delar av verka i tidlegare utstillingar. På Lillehammer gjekk eg stort sett frå sal til sal og nikka gjenkjennande til verka. Såleis gir ikkje utstillinga meg så mykje som eg hadde trudd ho kom til å gjere.

Men uansett er det ei oppleving, og særleg for alle som ikkje kjenner kunsten til Fredriksen, er det berre å kome seg til Lillehammer. Øye-blikk er ein fyldig tverrsnitt av kunstnarskapet gjennom meir enn førti år. Verka strekker seg i tid frå studietida på syttitalet og fram til heilt nylaga skulpturar. For Fredriksen er framleis i full vigør.

Det er i stor grad dei eldste verka som er aller mest spennande å dykke inn i. Den trondheimsfødde kunstnaren var ein av dei første idébaserte kunstnarane våre, også ein av dei første som lukkast med å få til noko interessant innan videokunst og performance i Noreg.

Verket som framleis fenger aller mest, er nettopp eit slikt studentarbeid. «Kommunikasjonsstykke» (1979) kan beskrivast som ei kryssing mellom rullestol og barnevogn, ei trekiste og ein nikab, dette hovudplagget som dekker heile ansiktet bortsett frå ei smal spalte til auga. Konstruksjonen har plass til ein vaksen person. På baksida av boksen heng eit par briller der glaset er erstatta med speglar. Såleis må personen som er kapsla inne i den klaustrofobiske forma, gje beskjed til den blinde om kvar dei skal gå, ut frå den avgrensa informasjonen han får gjennom den smale lyssprekken.

Ved sida av dette objektet heng to fotografi av Tom Sandberg, ein av pionerane innan fotokunst i Noreg. Dei viser korleis farkosten skal brukast. Det er først når vi tenker på funksjon, at verket kjem til sin rett. På ein slåande enkel måte fortel det mykje om kva for utfordringar menneskeleg kommunikasjon har. Såleis skulle ein tru at den innramma tekstlege forklaringa som heng ved sida av fotografia, var overflødig. Her har kunstnaren skrive dette:

«Kommunikasjonsstykke handler om gjensidig avhengighet mellom to personer, den introverte og den ekstroverte. Den introverte sitter inne i vognen uten bevegelighet og ser gjennom en spalte, ser, men kan ikke handle. Den ekstroverte har full bevegelighet, men bærer ugjennomsiktige briller, speiler omgivelsene, men gir bare et overflatebilde, speilbilde.

Ønsket om bevegelse skaper gjensidig avhengighet.»

I dag ville ein nok meint at ein slik tekst vert å redusere tolkingsrommet til eit verk som står fint på eigne bein, men i denne tidlege fasen av konseptkunst var det vanleg å supplere verka med slike lett poetisk utforma forklaringar.

Mangfaldig

Øye-blikk gir innsyn i dei mange teknikkane Fredriksen har uttrykt seg gjennom: skulpturar, collagar, måleri, videoar og installasjonar. Nokre av skulpturane er artige og uhøgtidlege, som «Lampefot», der ein liten lampett stikk ut frå ei diger og klumpete fotliknande form. Andre er abstraherte og forenkla menneskelege organ, brorparten er likevel reinskorne, geometriske former. Vi ser ein gjennomgåande hang til det enkle. Ein del av objekta er rett og slett monterte saman av kartong og teip. Arbeida fungerer best når kunstnaren held seg til dette frigjerande røffe og enkle uttrykket.

Her er installasjonen «I det blå» eit fint eksempel. Verket var opphavleg laga som Noregs bidrag til São Paulo-biennalen i 1998. Fredriksen har reist ein diger boks av finerplater på høge søyler. På undersida er det nokre små hol som det er festa stigar til, slik at publikum kan klatre opp og kike inn i boksen, som viser seg å vere måla blå på innsida. Når andre besøkande dukkar opp frå dei andre hola, ser det ut som om hovuda på surrealistisk vis svevar kroppslause i alt det blå.

Krevjande rom

Øye-blikk har fått stort areal til disposisjon og er fylt til randa. Eigentleg er eg svært nøgd når ein berre lesser på i slike utstillingar, slik at publikum får sjå mest mogleg. Men desse verka slår kvarandre på underleg vis litt i hel, kan hende fordi dei har så forskjellige ting å formidle.

Når ein set konseptbaserte verk ved sida av kvarandre, vil ideane dei representerer, blande seg saman og gå opp i ei større eining. Men i dette tilfellet forstyrrar fleire av verka kvarandre. Især lir verka som er inspirert av zenbuddhistisk tankegods, under dette. Det ville vore godt for publikum å få litt meir ro rundt opplevinga av desse kontemplative verka især.

Denne gongen har ikkje Lillehammer Kunstmuseum lukkast heilt med å tilpasse verka til utstillingssalane. No må det seiast at dei har i overkant vanskelege areal å jobbe med. Hovudsalen i første etasje har ei svimlande takhøgd, medan veggane i andre etasje har krumme former. Tidlegare utstillingar eg har sett, har vore imponerande godt integrerte i desse areala, men denne gongen fungerer det ikkje så bra. Det å kommunisere eit kunstnarskap er heller ingen enkel kunst.

Sisyfos

Eg vil avslutte med å dvele ved det kanskje mest interessante av verka i utstillinga, nemleg «I BOX» frå 2003. Dette er ein rektangulær kasse som ser ut som om han er montert saman av gule plastklossar. Også innsida er like skrikande gul. Her kan du gå inn, setje deg på ein stabel med gule klossar og sjå ein animasjonsfilm med ein figur som er konstruert av gule boksar. Figuren flyttar på ein stabel klossar i same forma som bygget er laga av. Ein for ein vert dei frakta inn i naborommet. Når det er tomt, hentar han klossane attende, og såleis held det fram.

Filmen kan opplevast som ein moderne versjon av legenda om Sisyfos. Sisyfos er kjend som ein grådig og utspekulert konge som endåtil lurte mange av gudane i den greske mytologien. Som straff måtte han rulle ein stein opp på fjellet, og kvar gong han kom til topps, trilla steinen ned att. Dette symbolet på meiningslaust arbeid utan ende er ikkje blitt mindre aktuelt sidan antikken. I og med at vi er omgjevne av det same gule miljøet og ser på ein evig sisyfosliknande loop, er det vanskeleg å ikkje føle seg råka. Verket har ein lun humor som vi kjenner frå dei mange videoverka.

Om du er nyfiken på videoane til Hilmar Fredriksen, har kunstnaren lagt ut ti videoar på YouTube, mellom anna verket «I BOX».

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis