Kunst utan menn
Dora Maar: «29 rue d’Astorg» (kring 1936), handkolorert fotomontasje.
Foto: Tate Modern i London
Kan du nemne 20 sentrale kvinnelege kunstnarar?
Dette spørsmålet stilte den britiske kunsthistorikaren Katy Hessel seg. Då ho innsåg at ho ikkje greidde det, tok ho til å leite. I fjor kom boka The Story of Art without Men, som tek føre seg kvinnelege bragder frå renessansen til i dag. Enno i dag er det slett ikkje uvanleg at kunsthistoriske bokverk knapt nemner eitt kvinnenamn. Så det er ikkje underleg at Hessel fekk braksuksess då ho lanserte boka i fjor. Boka er alt omsett til fleire språk.
Det er ein gjennomgåande tendens at også dei kvinnene som er kjende i samtida, fort vert gløymde etter at dei døyr. Ei av årsakene er at kvinner har etterlate seg overraskande få spor. Dei vert vigde sparsamt med plass i kunstfaglege tekstar, separatutstillingane er færre, og verka vert sjeldnare innlemma i kunstsamlingar.
Hessel har grave djupt i materialet – og funne gull. The Story of Art without Men gir innblikk i kven desse kvinnene var, og korleis dei var med på å endre kunsthistoria. Det er særleg måten Hessel plasserer kunstnarane inn i ein historisk, kulturell og politisk kontekst på, som gjer bokverket så sentralt. Når ein les bøker om kvinnelege kunstnarar, vert dei gjerne tolka mot ein bakvegg av mannlege kunstnarar. Denne historiske oversikta over kvinnelege representantar for periodar og retningar kan bøte på dette.
Eit eksempel er den franske fotografen Dora Maar (1907–97). Trass i at ho er heilt sentral innanfor retninga surrealisme, er ho mykje meir kjend som modellen og elskarinna til Picasso.
Boka er ein liten smakebit, det er trass alt grenser for kva ein får plass til på 500 sider. Vert du svolten på meir, kan du meske deg med «The Great Women Artists» på Instagram så vel som på podkast. Ein meir entusiastisk og treffsikker formidlar enn Katy Hessel skal ein leite lenge etter.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.