Kunst

Kunst som overleving

«The Fountain of Exhaustion» består av mange trakter som er monterte i ein ståande trekant.
«The Fountain of Exhaustion» består av mange trakter som er monterte i ein ståande trekant.
Publisert

Veneziabiennalen, ei av dei viktigaste mønstringane av samtidskunst, opnar 23. april. Eit særtrekk ved utstillinga er dei faste nasjonale paviljongane som er bygde spesielt for biennalen. Nasjonalismen som vert vist med denne utstillingsforma, har fått ein del kritikk.

Men i år ser ein at særleg to av paviljongane vert særleg symboltunge. Dørene ved den russiske vert ikkje opna. Dei ansvarlege for biennalen vil ikkje ha dei her i år, dessutan har både kunstnarar og kuratorar for lengst trekt seg i protest mot krigen.

I dei første hektiske vekene av invasjonen var det usikkert om den ukrainske paviljongen kom til å opne. Den ukrainske hovudutstillaren er Pavlo Makov, som skal vise installasjonen «The Fountain of Exhaustion. Acqua Alta (1995–2022)». Krigen spreidde kunstnarane og kuratorane utover Ukraina, kommunikasjonen vart vanskeleg. Dei hadde nok med å overleve, søke tilflukt for seg og familien. Det verka overveldande å skulle gjere ferdig ei utstilling oppi alt dette. Berre det å få dei fysiske gjenstandane frakta ut av landet, verka uoverkommeleg.

I ein krig som dette ser ein kor viktig kunsten er, korleis identiteten vår er knytt til kulturen. Og det vart så mykje viktigare å få vist fram dette Putin forsøker å knuse og utradere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement