Kunst
Kunst med utsikt
Det er forbløffande kva dei har fått til i Vågå, eit stort og høgst profesjonelt drifta kunstgalleri i den vesle bygda.
Frå utstillinga til Anna Marie Sigmond Gudmundsdottir i Låven.
Foto: Øystein Thorvaldsen
Galleri Ullinsvin opna hausten 2019 som del av den gamle prestegarden Ullinsvin, som ligg vakkert til med utsyn over Vågå sentrum.
Det er sjeldan store vyar fell saman med pengesummar i same format slik vi ser her. Gjennom eit omfattande søknadsarbeid og også store pengegåver er det bygd eit digert moderne galleri, med eit stort magasin. I tillegg vert store og skiftande utstillingar viste i fjøs og løe.
Eit godt samarbeid
Det er interessant korleis dei har lukkast med å knyte saman garden som eit kraftsenter av kunst, kultur og handverk på prestegarden. Ullinsvin Drift AS er ansvarleg for drifta av galleri og kafé, Opplysningsvesenets fond eig grunnen, og Vågå historielag eig bygningane og driftar den vakre prestegardshagen. Gudbrandsdalsmusea bidreg med skiftande utstillingar, stiftelsen Norsk Kulturarv og Vågå Husflidslag med aktivitetar.
Vågå har vore ein sentral stad gjennom historia og er ikkje ukjend med kunstmøte. Her har mange kunstnarar arbeidd, og for nokre år sidan slo kunstnaren Kjell Erik Killi-Olsen seg ned her. Gjennom tretti år har hobbyfotografar vore på kurs med fotografen Morten Krogvold i bygda. Opningsutstillinga i 2019 på Ullinsvin var også med Morten Krogvold.
Homo Gudbrandalus
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.