Kunst landet rundt
Caroline Kierulf: «Hvile». Foto: Caroline Kierulf
Bortkomne ting og andre hendelser
Nils Aas Kunstverksted, Inderøy
12. oktober–22. desember
Systrene Annette og Caroline Kierulf lagar tresnitta med den såkalla puslespelteknikken. Trykkplata vert saga opp som eit puslespel, deretter fargar dei kvar del, før motivet vert sett saman att. Såleis får ein mange fargar gjennom ein einaste trykkeprosess. Caroline arbeider med innesfæren med blikk på dobbeltarbeidande kvinner, medan Annette er oppteken av å revitalisere landskapet som sjanger.
Emilie Louise Gossiaux
Kinship
Kunsthall Trondheim
26. september–22. desember
Kinship tek føre seg dei sterke banda som finst mellom den blinde kunstnaren og førarhunden hennar. Utstillinga strekker seg over to etasjar med teikningar, skulpturar og ein installasjon med hundre keramikkobjekt.
Emilie Louise Gossiaux: «Fingers and Tongue» (2023), oljemåling og kaldvoksmedium på keramikk.
Foto: Emilie Louise Gossiaux
Av Jord
Telemark Kunstmuseum, Notodden
21. september 2024–5. januar 2025
Korleis står det til med jorda vår – og kva tilhøve har vi til naturen? Utstillinga tematiserer matproduksjon, berekraft og vekst med verk av Sidsel Bonde, Veslemøy Lilleengen, Toril Redalen, Åsa Sonjasdotter, Justin Wiggan og Verena Winkelman.
Sidsel Bonde: «Aks i øyehøyde».
Foto: Sissel Bonde
Ni Musmut (It’s Breezing)
Kunsthall Bergen
30. august 2024–5. januar 2025
Edgar Calel bur og arbeider i Comalapa i Guatemala. Han er ein av dei leiande latinamerikanske kunstnarane. I Bergen viser han store installasjonar av jord, stein og eld, dei grunnleggande elementa som trengst for å utføre det rituelle takkofferet jun k’obomanik.
I same periode tematiserer Åsa Elzén arven etter kollektivet Fogelstadgruppen, som var aktiv i Sverige frå 1925 til 1936.
Edgar Calel:
Foto: Thor Brødreskift / Bergen Kunsthall
Tornerose
Sunnhordlandstunet, Stord
12. oktober–22. november
Gro Gillesen (1954) viser fotografi av døde menneske, tekne på tidleg 1900-tal. Den gongen var det ikkje uvanleg å hyre inn fotograf for å forevige dødsleiet, ei handling som verkar framand for oss i dag, no som døden har blitt meir tabulagd. Desto meir interessant å granske desse sjeldne verka, som er digitalt forbetra av kunstnaren.
Foto: Gro Gillesen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
La Cetra Basel framfører J.S. Bachs Messe i h-moll.
Foto: Martin Chiang
Monumentet
John Butt tolkar Bachs kristelege og kunstnarlege credo.
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.