Kunst landet rundt
Inma Herrera hadde kunstnaropphald på Svalbard i 2022. Her arbeider ho med eit fossiltrykk i Carolinedalen.
Foto: Artica
Artica in residence
QSPA, Oslo
16. mars–14. mai
Stiftinga Artica Svalbard vart grunnlagd i 2016 og har etablert eit gjestekunstnarprogram der norske og internasjonale kunstnarar kan arbeide tre–ni månader på Svalbard. Utstillinga viser eit tverrsnitt av grafiske arbeid som er laga under kunstnaropphald sidan oppstarten. Utstillinga legg vekt på å synleggjere kunstnarlege prosessar, med større vekt på utforsking enn på ferdige verk.
Yaniya Mikhalina, Søsterløs
Trondheim kunstmuseum
11. mars–24. april
Museet viser fire videoverk som tek føre seg forholdet mellom psykisk uhelse og samtidige politiske hendingar så vel som konsekvensar av den postsovjetiske utdrivinga.
Stillbilde frå eit av Mikhalinas videoverk.
28% og Gába
Nordnorsk kunstmuseum, Tromsø
18. mars–12. februar 2024
Berre 28 prosent av samlinga til museet er laga av kvinner. I den historiske delen står det endå dårlegare til. Utstillinga synleggjer dette med å berre vise verk av kvinner i 28 prosent av arealet – resten står tomt. Parallelt presenterer Gába verk av 37 kvinner med røter i Sápmi. Kunstnarane nyttar daglegdagse, lokale materiale. Teknikkane har vore overleverte gjennom generasjonar, men i dag er det knapt nokon som kan dei.
Cici Wu med inviterte kunstnarar
Hordaland kunstsenter, Bergen
Fram til 7. mai
I taket heng ei bru laga av bambus og papir laga av Cici Wu. Ho vaks opp i Hongkong og har base i New York. Saman med sju kollegaer inviterer ho til ei mangfelt visning med tema som spenner frå propagandaverksemd og vald til ei romantisk tilnærming til språk.
Josefine L. Hersel. FLUX
11. mars–16. april
Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal
Cotton Club er visningsstaden for unge ved Bomuldsfabriken. Her har syttenåringen Josefine L. Hersel imponerande nok ei heil separatutstilling. I dei figurative måleria smeltar draumar saman med røyndom på leikent, ofte urovekkande vis.
Utstillingsplakaten FLUX
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.