Kunst landet rundt
Foto: Kunstbank Hamar
Tina Mareen Buddeberg. Minneutstilling
Kunstbank Hamar
20. august–9. oktober
Skulptur, teikning, video og kunstbøker av Tina Mareen Buddeberg (1958–2020). Kunstnaren vaks opp i München og flytta til Noreg som vaksen. Ho er særleg kjend for Drømmedalen Kunstgård, som ho etablerte i fjellbygda Sollia søraust for Rondane.
Gruppeutstilling
Galleri Kulviksvingen, Selbu
1.–17. september
Gruppeutstilling med trondheimskunstnarane Torhild Aukan, Per Formo, Barbro Tiller og Nirmal Dhunsi. Alle fire har vore med i Lademoen Kunstnerverksteder frå etableringa i 1993. Det vert utstilt akrylmåleri på lerret og plate, foto og grafiske trykk laga i teknikkane silketrykk, digitaltrykk og cyanotypi.
Paul P. Early Skirmishes
Hordaland Kunstsenter, Bergen
27. august–9. oktober
Den kanadiske målaren Paul P. utforskar tema som venleik, identitet og kjønn gjennom kunsten sin. Her møter vi stemningsfulle tusjteikningar prega av underliggande symbolikk, mellom anna vert flaggermusa ein allegori over homoseksuelle haldningar. Her er også ein serie portrettmåleri som viser til Stonewall-opprøret i 1969, som markerte starten på den moderne LHBT-kampen.
Girl Meets Girl
Vestfossen Kunstlaboratorium
7. mai–25. september
Gruppeutstilling med 25 kvinnelege kunstnarar frå inn- og utland. Utstillinga kastar kritisk lys over at menn framleis vert favoriserte på kunstscena.
Made of Stone
Bodø kunstforening
3. september–16. oktober
Made of Stone er eit samarbeidsprosjekt mellom Skade Henriksen og Annelen Røe. Begge har laga verk som problematiserer gruvedrifta i nord. Røe synleggjer dei langvarige ringverknadene den tidlegare gruvedrifta ved Sulitjelma har pa° både miljø og menneske. Henriksen fokuserer pa° ei gruve i Senja som framleis er i full drift og har planlagt uttak hele 60 år fram i tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø