Kunst landet rundt
Foto: Ann Kristin Aas
Ann Kristin Aas:
A Shallow Depth of Field
Fredrikstad Kunstforening
23. april–14. mai.
Kunstnaren har gjort eit rom i kunstforeininga om til forundringskabinett, også utanfor bygget er det sett opp verk. Her heng skulpturelle objekt og installasjonar tett i tett på veggane. Verka er baserte på naturmateriale og gjenstandar ho har funne på bruktmarknader og i kjellarar, hagar, grøftekantar, skogen og strandkanten.
Masterutstillingen 2022: Picnic
Bergen Kunsthall
8. april–8. mai
Kvar vår er kunsthallen vertskap for avgangsutstillinga frå Kunstakademiet. I år viser 27 kunstnarar frå 11 land arbeid både i Kunsthallen og i parken utanfor. Vi vert inviterte til ein piknik som bognar av verk i alle former: installasjon, måleri, skulptur, instruksjonstekst, video, foto, lydverk, opplesing og performance, i tillegg til terapeutiske øvingar og happeningar i form av såkalla «flyktige gester i det offentlige rom», og endåtil ein musikal.
Maiken Stene:
Via Norske fjell del 4
Nordnorsk Kunstnersenter, Svolvær 2. april–5. juni
Utstillinga viser fjerde del av eit langvarig prosjekt der kunstnaren set sine eigne personlege forståingar av landskap opp mot dei nasjonale kunsthistoriske og geologiske samanhengar. Gjennom måleri, video, dokumentar, tekst, foredrag og samtale viser ho fram korleis den etablerte historiske framstillinga av norsk natur påverkar det forholdet vi har til naturen i dag. I denne utstillinga tek ho føre seg fjella i Lofoten.
Gunnhild Uddu Ystad / Kristine Roald Sandøy:
Djupe andedrag, indre kraft
Nils Aas Kunstverksted, Inderøy
30. april–12. juni
Gunnhild Uddu Ystad viser ein serie teikningar av skog og landskap i grånyansar, med broderte linjer og former. Ho eksperimenterer med ulike materiale og teknikkar og skaper ei samansmelting mellom teikning, relieff og installasjon
Kristine Roald Sandøy har balanse og gravitasjon som grunnleggande element. På poetisk vis utforskar ho korleis materiala møter omgjevnadane så vel som menneskekroppen.
Aslaug Magdalena Juliussen, Marita Isobel Solberg og Trond Ansten:
Tregreiner
Samisk senter for samtidskunst, Karasjok
17. februar–8. mai
For å komme seg inn på museet går ein gjennom ei diger rypesnare, ein installasjon av Trond Ansten. I utstillingssalane viser dei tre kunstnarane samtidskunst basert på samiske, kvenske og nordiske handverkstradisjonar og naturbasert kunnskap. På ulike måtar tematiserer kunstnarane kropp og helse, heilskap og utnytting av ressursane. Kva finst av gløymd kunnskap som kan vise veg i dag?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.