Kunst

Kunst å klatre i

Hrafnhildur Arnardottir: «Nervescape IV», 2015, på Momentum 8 i Moss.
Hrafnhildur Arnardottir: «Nervescape IV», 2015, på Momentum 8 i Moss.
Publisert

Den islandske tekstilkunstnaren Hrafnhildur Arnardottir har stilt ut verda over med skulpturar av syntetiske hår i kraftige fargar. Mellom anna gjesta ho Momentum 8 i Moss med «Nervescape IV». Dette var i 2015, og ein av dei beste versjonane av Momentum som har vore. Då utforma ho eit mektig og mjukt landskap av lange, glatte hårstrå som ein kunne klatre i. Her er er det fritt fram å dykke ned i mylderet av rapunselhår, eit verk milevis unna tradisjonelle verk, som ikkje skal rørast. Eit meir sanseleg verk skal ein leite lenge etter.

For tida er ho aktuell ved Nordatlantens Brygge i København med ein hårinstallasjon som står heilt til 2. januar 2022.

Arnardottir reknar seg som ein landskapsmålar som utfaldar seg i tre dimensjonar. Ho er fascinert over korleis lange trådar faktisk veks ut av kroppen vår, lange og sterke fibrar. Verka er refleksjonar over kor sterkt mange er knytte til håret sitt, ein så viktig identitetsmarkør at det finst ein stor global marknad for kunstig hår i eit vell av fargar. Verka hennar er eit møte mellom populærkulturen og folkekunsten, masseproduksjonen og kunsthandverket.

Om ein saknar opplevinga av installasjonane hennar, kan ein sjå mot Reykjavik. Her arbeider kunstnaren med å skape sitt eige kunstsenter. Etter omfattande kronerulling ser det ut til at Höfudstödin opnar i oktober dette året. Her skal installasjonen «Chromo Sapiens», eit enormt verk som gjorde suksess i den islandske paviljongen på Veneziabiennalen 2019, settast opp.

Installasjonen er ein labyrint gjennom tre grotter overgrodde av hår, ei syntetisk tolking av den islandske naturen. Du stig inn i eit mørkt, vulkanliknande rom med tittelen «Primal Opus», går vidare til «Astral Gloria», ein katedral med stalaktittar som heng ned frå ein katedralliknande kvelving dekt av kaskadar av sterke og kontrasterande hårmankar. Den siste delen er «Opium Natura», som er dekt av hår i kvitt og pastell og godt opplyst. Håret er supplert med lyseffektar for å forsterke fargeverknaden. Kvart rom er forsynt med lydspor av det islandske metallbandet «Ham», med basstonar som pulserer gjennom kroppen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement