Kunst
Kritikk i krise
Honoré Daumier, «Kunstkritikarar på Salongen i Paris», litografi.
Då eg skreiv bok om sunnmørsmålaren Kåre Haram (1911–92), var dei mange meldingane i sunnmørsavisene frå åra 1940–70 ei uvurderleg kjelde til korleis utviklinga mot abstrakt kunst vart motteken i regionen. No har det ikkje vore meldingar i Sunnmørsposten på fleire år, trass i at kunstinteressa er stor og utstillingane gode.
Klassekampen skreiv nyleg at meldingane på kulturfeltet er halvert i dei større avisene dei siste ti åra. Avisene tek ikkje mandatet som kulturberarar på alvor.
Kunst er heilt avhengig av kommunikasjon for å fungere. Den kjende russisk-amerikanske målaren Mark Rothko har sagt at «Eit bilete treng selskap. Det veks og vert levande i auga til ein årvaken sjåar. Og døyr av same årsak.» Meldingar tilbyr måtar som kunstverka kan forståast på, og er såleis med på å setje i gang samtalen mellom kunsten og publikum.
Og kunst er viktig, kan hende viktigare enn nokon gong. Møtet med verka kan gje oss nye og uventa perspektiv på verda. Kunst vekker interesse, fremjar nyfikne og hjelper oss til å utvikle eigne meiningar, endåtil nå fram til djupare erkjenningar.
I dag ser det ut til at den breie offentlege samtalen om kunst og kultur sjuknar vekk. Det er generelt stor mangel på kunstmeldingar i avisene, særleg om det som skjer utanfor hovudstaden. For det er ikkje nødvendigvis slik at all god kunst etter kvart hamnar i Oslo, slik mange hevdar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.