Jordmora med veven
Faksimile frå framsida av Nordlandsposten torsdag 19. januar 1956.
Den 27. mai 1940 vart det sleppt 70 tonn med bomber over Bodø. Mellom dei mange bygningane som gjekk tapt, var Bodø kyrkje. Rett etter krigen vann Herman Munthe-Kaas og Gudolf Blakstad arkitektkonkurransen om oppføring av ny kyrkje, som vart vigsla i 1956.
Alt til opninga var det store og vakre kyrkjerommet ferdig dekorert med digre, fargesterke glasmåleri, skulpturar, smijarn og måleri. I tillegg var det montert opp ti store ryer på veggene langs hovudskipet. Dei tjukke tekstilane harmonerer godt med det modernistiske uttrykket til bygningen. Likevel er det er sjeldan å sjå at flossa ryer vert brukte som kyrkjekunst.
Her har kunstnaren Sigrun Berg (1901–1982) gripe tak i dei lange tradisjonane slikt handarbeid har langs kysten. Såkalla båtryer er vevnader som det er knytt tett i tett med trådar (floss) i. Teknikken krev store mengder garn, så dette var kostbare teppe. Til gjengjeld er dei varme, endåtil når dei vert blaute.
Slike teppe har berga mang ein sjømann. Såleis tilfører sjølve materialet ein viktig assosiasjon til kyrkjerommet. Kunstnaren har sjølv farga garnet med naturfargar i ein varm, fyldig, likevel avdempa palett. Motiva er komponerte med store, stiliserte symbol som kan sjåast på lang avstand.
Sigrun Berg var litt av ei dame. Etter kunstutdanninga studerte ho til jordmor. Ved sida av yrket lærte ho seg å veve, og ho gjekk friskt i gang med å engasjerte bygdekvinner i det som skulle verte ein omfattande småindustri med veving av ryer. Etter kvart fekk ho seg vevstove.
Ho vart kjend for måten ho løftar fram dei rike tekstiltradisjonane våre på, samstundes som ho aldri var redd for nytenking. Ho har utført fleire andre prestisjefulle utsmykkingar, Håkonshallen i Bergen, rådhuset i Asker og Alstadhaug kyrkje, for å nemne noko. Heilt nyleg kom det også ut ei bok om henne av Liv Dahlin.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø