Kunst
Ikkje berre høg
ViÅay Barot
Førre gong skreiv eg om høge tårn. Når auga først er vende oppover, kan vi sjå mot Gujarat i India, der det i fjor haust vart avduka ein skulptur av ein fridomskjempar som ragar heile 182 meter over bakken. Dersom ein inkluderer museet som er bygd under føtene, vert han 240 meter høg. Verket er sjølvsagt omdiskutert, mellom anna er dette ikkje åleine verdas høgste skulptur, men verdas dyraste. Denne gongen vil eg fokusere på dei monalege kunstnarlege kvalitetane i verket.
Vanlegvis er det mest imponerande med høge verk nettopp storleiken, medan forma er heller uinteressant. Men i dette verket spelar format og uttrykk saman på ein måte som ein sjeldan ser. Her ser vi juristen og politikaren Sardar Vallabhbhai Patel, som var sentral i den indiske kampen om sjølvstende, og den første visestatsministeren i India i 1947. Skulpturen har ikkje noko av det som oppblåste og pompøse portrett av kjende personlegdomar gjerne er skjemde av. Tvert om er Patel framstilt med lut nakke, audmjuk. Samstundes utstrålar han ei stillferdig, indre styrke som forsvarar bruken av så mange tonn metall.
Måten verket er bygt opp på, er symboltungt. Kunstnaren har sanka saman metall frå utrangerte jordbruksverktøy frå fleire tusen landsbyar over heile India. Mykje av materialet er brukt i skulpturen. Ser ein nærare på skulpturen, ser ein at han er sett saman som eit enormt lappeteppe. Tittelen på verket er også «Statue of Unity».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.