JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

I flammar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit tidlegare verk: Temple, 2015 i Derry.

Foto: Matthew Andrews

1929
20220429
1929
20220429

I dagane 21.–28. mai vert kunstprosjektet Sanctuary vist i Bedford: Etter planen skal dei reise eit tårn på 22 meter konstruert av mengder av dekorativt utskorne plater. Den amerikanske skulptøren David Best (f. 1945) er kjend for å bygge slike høge reisverk og deretter sette fyr på dei.

Såleis er verket meir ein tidsavgrensa happening enn ein skulptur. Sjølve byggeprosessen skal etter planen vare i to veker, deretter får folk tilgang til verket ei vekes tid, fram til det vert brent ned siste dagen. Denne store finalen skal haldast om kvelden, slik at flammane vert tydelege på lang avstand.

Temaet for verket er korona, og alle besøkande vert oppmoda om å skrive helsingar og minneord direkte på verket. Tanken er å invitere lokalbefolkninga og tilreisande til å vere med på å skape eit fellesskap i sorga. Her får dei legge frå seg tankar og kjensler og i enden sjå dei brenne opp. Såleis skal kunstverket bidra til å gjere det litt enklare å sjå framover.

Her har kunstnaren teke tak i eit gamalt tankegods som vi finn spor etter i alle kulturar. Gjennom fleire tusen år har flammar stått for noko som er reinsande, ofte med negativt forteikn: Hekser kom på bålet. Etter at ein familie døydde av tuberkulose, vart huset brent til grunnen.

På den andre sida finst bålfestar. Nikolai Astrup (1880–1928) vende gong på gong attende til sankthansbåla i kunsten sin. Sankthans er ei markering av fødselen til døyparen Johannes, som samstundes er tufta på den heidne markeringa av sommarsolkverv. Heilt attende til 400-talet har ein brent bål på sankthansaftan for å skremme vekk vonde ånder. I våre dagar er Slinningsbålet i Ålesund mest kjent. Som det høgaste handbygde bålet i verda hamna det i Guinness rekordbok.

Det moderne mennesket har gløymt kva som eigentleg er hovudformålet for dei gamle tradisjonane, den lutrande effekten. Kan hende vil kunsten med prosjekt som Sanctuary minne oss på dette?

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis