JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

«I avtegnet stand»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1896
20190809
1896
20190809

Vestlandsutstillinga, den eldste landsdelsutstillinga med fri innsending, hadde sidan 1922 vore ei av storhendingane på kunstscena. Dei som falda ut eit eksemplar av Bergens Tidende 23. januar 1932, fekk ikkje berre lese omtale av den årlege mønstringa; i tillegg hadde den anonyme artikkelforfattaren teikna av måleria han skreiv om. Komposisjonane er rissa sirleg opp med mjuk blyant. Biletet øvst til høgre er av Bernt Tunold, som er nemnd i sidespalta. For oss kan det verke pussig at avisa ikkje spanderte foto av noko så visuelt som måleri. Men lesarane heva nok ikkje augebrynet over av kunstverka var trykte i «avtegnet stand». På denne tida var dette gjerne måten ein gjorde det på, endåtil i enkelte kunstkritikkar.

Tidlegare var ikkje kunstinteresserte skjemde vekk med foto av kunst. Mange gjekk med blyant og blokk i jakkelomma, og rissa opp bilete dei var særleg interesserte i, for såleis å gøyme dei til seinare.

Når ein med eigne strekar skal fange essensen i biletet, må ein bruke fleire delar av seg sjølv. Ein må bruke mykje meir tid på å studere det. Kjensla av at det kanskje er einaste gongen ein får sjå biletet, gjer det til noko særskilt. Såleis vil ein tru at opplevinga vert meir intens.

Denne prosessen gjer også at ein ser måleriet betre, bruker meir tid på det og såleis vert godt kjent med det. Slik kan vi i alle fall fabulere. Men stemmer det med realiteten? I omtalen vert nemleg biletet av Åge Storstein, som er rissa opp rett under Tunold, skildra slik: «Kubisten Storstein vakte ikke så liten opsikt med sine uforståelige billeder, men så er det riktig nok lenge siden vi har hatt nogen føling med denne kunstretning».

Kan hende forfattaren burde ha granska biletet meir inngåande, ikkje streke den nye kunstretninga inn i dei same linjene som den eldre kunsten. Teikninga han laga, skil seg iallfall ikkje oppsiktsvekkande ut.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis