Kunst

Heldig møte

Det er ei halsbrekkande øving museet har kasta seg ut i, ei samanstilling gjennom tid og rom med oljemåleri i tunge gullrammer, digitale installasjonar, videoverk og endåtil ein skulptural atombombesopp. Alt bunde saman av ein så luftig substans som skyer.

Videoinstallasjonen «Nimbus Atlas II», 2016, av Berndnaut Smilde.
Videoinstallasjonen «Nimbus Atlas II», 2016, av Berndnaut Smilde.
Publisert

Museet har gjort eit godt forarbeid til utstillinga, noko som også har resultert i ei rikhaldig bok med fagfellevurderte essays av kunstnarar og akademikarar, med høgst lesbare tilnærmingar til fenomenet.

Utstillinga startar med ei mange meter lang tidslinje som tek til med komedien til den greske forfattaren Aristofanes kring 420 f.Kr., og snor seg framover i tid mellom skyrelaterte nyvinningar innan kunst, vitskap og teknologi. Her viser kuratoren korleis kunsten til alle tider har teke tak i det som hender i samtida. Vi får også ein introduksjon til grunntypane av skyer, ein kunnskap vi må ta oss tid til å lære, skal vi få fullgodt utbytte av utstillinga. I skyene er ei krevjande utstilling som tek eit stort jafs av dagen din. For det er sal etter sal med skyer, heile 22 kunstnarar er representerte, her møter du nasjonal og internasjonal kunst av høg kvalitet.

Assosiasjonane til skyer flyt i alle retningar, innimellom noko for vidt, andre gongar vert koplinga til temaet vel luftig, men det vert aldri kjedeleg. Éin ting er i alle fall sikkert: Du legg betre merke til skyene når du går ut frå museet. Truleg kan du namngje dei også.

Skyer over myrene

Det var først i 1802 at skyene vart sorterte etter vitskaplege prinsipp. Den nye læra fekk stor innverknad på landskapsmåleriet, ikkje minst for grunnleggaren av norsk målarkunst, J.C. Dahl (1788–1857). Brorparten av eldre måleri er henta frå eiga samling, men vert aktiverte på nytt når vi ser dei i ny samanheng. Det er spennande å leite gjennom verka til Dahl, Hertervig og Gude for å klassifisere skyene dei har fanga med penselen. Skyformasjonar endrar seg raskt, og kunstnarane la stor vinn på å formidle eksakte meteorologiske fenomen.

Det vert likevel aller mest spennande å sjå måleria til Kitty Kielland (1834–1914) i dette perspektivet. «Torvmyr»(1895) viser ei aude landskapsstemning der dei frodige skyene opptek størsteparten av bildeflata. På poetisk vis reflekterer skyene seg i vatnet, og himmel og jord glir over i kvarandre. Her står skyene for fridom, dei formar lette og leikne former over den mørkare myra, som har tydelege spor etter menneske som har skore torv til brensel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement