Kunst
Gode verk – uryddig utstilling
«Light Brang», målarstykke av Kristen Keegan.
VEGARD KLEVEN +479840884 info@ve
Haustutstillinga har vore årviss heilt sidan 1880-talet. Den gongen var ho ein viktig reiskap i arbeidet med å røske liv i ei rigid kunstscene. Sidan har denne kunstnarjuryerte utstillinga endra karakter mange gonger. Det har vore mange kampar, mellom anna for å akseptere nye medium som foto og video så vel som figurativ kunst.
Dei seinare åra har det vore få stormar. Denne mønstringa av verk frå land og strand har meir blitt eit teikn på at hausten er komen, ein hyggeleg tradisjon. Utstillinga er ei av desse som alle føler seg velkomne i. Det er ein verdi i seg sjølv. I dette virvaret av verk er det uansett uråd å finne nokon raud tråd, så her kan ein senke akslene og berre hygge seg. Utstillinga trekker i regelen meir enn 20.000 tilskodarar dei fem vekene ho står. Også ungane stortrivst her. Dei spring blide og nyfikne kring i dei mange utstillingsromma, før dei forsvinn inn på aktivitetsrommet for å lage noko sjølve. Utstillinga er rett og slett svært folkekjær.
Reklamekatalog
Folket er også tema for utstillingskatalogen. I år er katalogen i fire delar. Kan hende for å lokke folk til å lese meir? Tekstane er i alle fall korte og bileta mange. Underleg nok er det også fleire sider med reklame. Også i statleg finansierte utstillingar må ein tydelegvis til med kommersielle grep.
Tre av delane er publikasjonar av Billedkunst, magasinet til Norske Billedkunstnere, som arrangerer Haustutstillinga. Desse har titlane Folket 1–3. Tekstforfattarane prøver på ulike måtar å skildre kven folket er. Grepet gir ein flau smak i munnen. Fleire av tekstane er tynne. Ein vert ikkje klok på kven dette folket er. Er det vi alle, er det dei som ikkje kan så mykje om kunst, eller viser dei her til ei samfunnsklasse? Gjennom åra har det vore mange retningar som har prøvd å nå fram til «grasrota», til dømes popkunst og fluxus, begge utan hell. Haustutstillinga treng neppe slikt frieri for å appellere?
Derimot er nettstaden til haustutstillinga særs god. Her er god oversikt over dei ulike delane av utstillinga, og dei utstilte verka er avbilda i høg kvalitet. Denne gongen kunne dei nøydd seg med nettsida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.