Glede er eit aktivt val
Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.
«Kinship» er ei særs luftig utstilling.
Alle foto: Frank Furseth
Utstilling
Emilie Louise Gossiaux:
Kinship
Kunsthall Trondheim
26. september–22. desember
Dette er den første separatutstillinga Emilie Louise Gossiaux har i Europa. Her har kunsthallen gjort eit varp. Det heile kunne ha enda med ein sykkeltur. Det er ikkje mange som overlever møtet med ein 18-hjuls lastebil. Det var også på hengande håret, kroppen vart knust, fleire organ øydelagde, hjartet stoppa til og med. Legane diskuterte organdonasjon med mora då ho heilt uventa tok til å røre seg att.
Som ved eit under kom Gossiaux tilbake til livet, men synsnervane var så skadde at ho vart heilt blind. Likevel heldt ho fram med kunststudia, fann nye måtar å uttrykke seg på. Måtar som skulle gjere henne kjend. Utstillinga ved Kunsthall Trondheim er ei heilt spesiell utstilling, trass i at gjenstandane som vert viste fram, er både få og små. Det står nokre skulpturar her og der, eitt og anna bilete heng på veggen.
Faktisk hadde eg gått forbi dei store vindauga til Trondheim Kunsthall fleire gonger sidan utstillinga opna i september, kika likegyldig inn på dei gapande tomme salane. Frå utsida var det lite som freista. Ein dag gjekk vi inn likevel. Det er underleg kor annleis ei utstilling kan sjå ut på avstand enn når ein er inne i ho, og går frå verk og verk.
«Tongue and Paw», 2023. Oljemåling og kaldvoks på keramikk. Pote: 11 x 6 x 4 cm; tunge: 8 x 11 x 8 cm.
Ganske fort vart eg djupt sjarmert av uttrykket til kunstnaren. Det er skremmande å tenkje på kor nær eg var å gå glipp av denne opplevinga. Dette at det var så tomt og audsleg, snudde underleg fort til noko positivt. Verka fungerer svært godt i dei store, nake romma.
Det er gjort fleire studiar av åtferda til publikum som viser at kunstutstillingar vert konsumerte i ein fart, etter knappe tretti sekund flyttar ein seg som regel over til neste verk. Denne utstillinga, derimot, var ei slik som fekk oss til å bruke lang tid.
«Siden vi har mistet kontakten med dyrenes verden, tror jeg vi glemmer i hvor stor grad vi faktisk er tilknyttet andre arter og naturen selv.»
Emilie Louise Gossiaux, i utstillingskatalogen til Kunsthall Trondheim
Førarhunden London
Verka hennar viser varme og nære skildringar av vennskapet ho føler med førarhunden London, ein engelsk labrador retriever. Ein kunne tru dette kunne vippe over i ein klisjé, men det gjer det slett ikkje. Tvert om gir verka djup innsikt. Emilie Louise Gossiaux fører oss inn ei eit heilt eige univers, som opnar auga våre for korleis ein kan sjå utan auge, korleis ei visuell verd og fargar er viktige også for den som ikkje ser.
Eg likar svært godt teikningane hennar. Gossiaux har funne ein eigen måte å teikne på utan å måtte støtte seg til synssansen. Ho brukar eit spesielt brett under arket. Når ho teiknar, dannar det seg ei fordjuping i brettet, slik at ho kan føle strekane ho lagar. Resultatet har eit ynde over seg, streken er sikker og har ein eigen eleganse.
Ved sida av kvart verk er ein etikett med tittel, storleik og årstal. I tillegg er dei forsynte med bildeskildringar, som forklarar motivet til bildet for blinde og svaksynte. Her er ein av bildetekstane:
«’Dogs and Humans Figure a Universe’ er en tegning i farger på hvitt papir litt større enn et stekebrett. Tegningen er rammet inn med en eikeramme. Den viser Emilie og London som svever sammen i en blekksvart kosmisk nattehimmel strødd med lyse stjerner. Emilie og London vender mot hverandre, koblet sammen av en navlestreng som symboliserer et dypt mor–barn-lignende bånd.
Tegningen, laget med kulepenn og fargestift, fremhever deres livsviktige og livgivende forhold. Bildet understreker den dype forbindelsen mellom dem og hvordan de eksisterer sammen i en verden de har bygd sammen som et par.»
Mange av teikningane dannar allegoriar over vennskapet mellom henne og hunden. Her fabulerer ho fritt om korleis tankelivet til London kan sjå ut, og om korleis etterlivet vert for dyra, om det er ein eigen himmelsk sfære for hundar når dei døyr. I andre bilde viser ho nærleik og kos. Det er ei lett og glad utstilling. Gossiaux minner oss om at glede er eit aktivt val, noko ein må jobbe med utan stans.
«Dogs and Humans Figure a Universe», 2022. Kulepenn og fargestift på papir, 45 x 58 cm.
Skulpturane
I skulpturane sine vektlegg kunstnaren det sanselege aspektet med vennskapet, gjennom kos og slikk. Ho har laga små utsnitt av kroppane deira: ein gyllen hundepote kviler på ei menneskehand, ei lang og raud tunge sleiker over ein naken fot. Her er også ein humoristisk vri, der det er mennesket som strekker tunga si mot poten, nesten om i ein geip.
Vi ser også korleis kvinne og hund smeltar saman i skulpturen «Doggirl Sphinx» frå 2023. Figuren viser tydeleg kor viktig hunden er når kunstnaren skal utforske verda. Samspelet deira gjer begge sterkare, dei smeltar saman til eit supervesen og minner oss på at ein slik tenkjemåte har vore svært viktig for folk i eldre tid. Dei mange skildringane av mektige fabeldyr som mytologien er så full av, er godt prov på dette.
Ein annan skulptur viser møtet mellom to hender, der den eine prøver seg på ein high five, men får eit brutalt møte med ei peikande hand. Kan hende er det ein misforstått kommunikasjon som vert skildra her? Om ein ikkje ser, må det vere vanskeleg å respondere korrekt på impulsive, fysiske gestar.
Samstundes skjer det noko underleg i dette møtet mellom hendene, for peikefingeren går tvers gjennom den andre handa, som i ein draum. Kunstnaren har også i fleire intervju forklart at draumane hennar er ei uvurderleg inspirasjonskjelde, kvar natt får ho visuelt påfyll.
Kong Play
I kvar av utstillingssalane er det plassert små keramiske skulpturar på golvet. «Kong Play» er utforma etter ei populær hundeleike som hundar kan bite i og leike med. Figurane minner litt om muntre små snømenn i forma og er plasserte langs veggene, nedover trappa, nokre har endåtil fått eigne soklar.
Dei er måla i eit vell av muntre fargar og liver godt opp dei kvite veggene. Figurane minner oss på at dette er ei utstilling som set hunden i høgsetet.
Ambivalens
Utstillinga Kinship er underleg ambivalent. På den eine sida er ho tilpassa synshemma med deskriptive etikettar til kvart verk, på den andre sida er det ikkje lov å ta på gjenstandane. På golvet står små skulpturar som ein skulle tru er lette å velte for den som har med seg stokk. Og om ein har med førarhund, må ein passe godt på at dei ikkje bit i skulpturane, som minner om leiker dei har liggande heime.
Kunstnaren har valt å ikkje legge vekt på desse aspekta. Dette er ei utstilling for dei som ser, og ho gir oss eit blikk inn i ein annan måte å sjå på. Utstillinga handlar i sitt inste vesen om kva det vil seie å vere menneske – kva må til for å leve eit fullverdig liv?
Med utstillinga utfordrar ho fordommane våre, måten vi møter menneske med funksjonshindringar på. Og kva med dyra, ser vi i stor nok grad dyrelivet som noko meiningsfullt i seg sjølv? Og kva med samspelet mellom mennesket og dyret? Slike tankar vert ein gåande og grunde over lenge etter at ein har gått ut av utstillinga.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.