Kunst

Gjennom tronge, beksvarte korridorar

Publisert

Vi møtte opp ved ein diskret sideinngang ved Nidarosdomen ein tidleg morgon. Vi hadde sett på vêrmeldinga og avtalt fleire datoar og avlyst, men no lukkast det. For det vi skulle sjå no, måtte sjåast i det heilt rette lyset. Det måtte vere ein tidleg vårmorgon, og det skulle vere klårvêr.

Endeleg smaug vi taust opp dei smale trappene som snor seg oppover veggane i det komplekse gotiske bygget, og pressa oss gjennom tronge passasjar mot nord i tverrskipet i den eldste delen av kyrkja. Så kom vi til døra, nøkkelen vart famla inn i låsen. Men det same vi steig inn i det vesle Mariakapellet, vart vi bada i klåre, vakre fargar frå dei langstrekte glasmåleria i aust. Kapellet er utsmykka av Oddmund Kristiansen i 1979, ein pioner innan det moderne glasmåleriet. Han fekk overtydd utsmykkingskomiteen om at det også måtte vere rom for abstrakt kunst i nasjonalheilagdomen. Og resultatet vart eit stemningsfullt verk med ein fargeprakt som ein sjeldan ser. Kristiansen var oppteken av optiske fenomen og sette saman fargefelta slik at dei bivrar mot oss som hildringar.

Snart oppdaga vi at ansikt og gjenstandar var fletta inn i dei geometriske komposisjonane, akkurat nok figurasjon til at vi kunne nøste opp soger frå norrøne Maria-legender. Såleis dannar bilda på elegant vis band mellom moderne tid og mellomalderen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement