Forventningane som brast
I utstillinga Lorck Schive Kunstpris har kunstnarane valt svært ulike tilnærmingar, men ingen av dei når opp til sine beste merittar.
Steinar Haga Kristensen: «ULTRAIDENTIFIKASJONSPAVILJONG», 2021. Skulptur, måleri, grafikk og dataspel.
Alle foto: Susann Jamtøy / TKM
Utstilling
Trondheim kunstmuseum
Lorck Schive Kunstpris 2021
20. mars–18. september
Dette er femte gongen fire nominerte kunstnarar til Lorck Schive Kunstpris viser utstillingane sine ved kunstmuseet i Trondheim. Annakvart år vert ein pris på ein halv million kroner delt ut etter ein konkurranse mellom fire utstillarar som disponerer kvar sin sal i Trondheim kunstmuseum. I år er det Tori Wrånes (f. 1978), Matias Faldbakken (f. 1973), Steinar Haga Kristensen (f. 1980) og Kira Wager (f. 1971) som skal bryne seg på kvarandre.
Også i år har juryen plukka ut fire kjende, erfarne og etablerte kunstnarar som eg har sett svært mykje godt av gjennom åra. I utstillinga Lorck Schive Kunstpris har dei fire valt svært ulike tilnærmingar, men ingen av dei når opp til sine beste merittar.
På nettsida til museet står det at kunstnarane «representerer på hver sin måte spydspissen av norsk samtidskunst». Det spydet kunne godt vore kvassare for min del. Av denne utstillinga forventar eg mykje meir enn som så. Dette må seiast å vere den definitivt svakaste mønstringa sidan utstillinga tok til i 2013. Kvifor ingen av desse dyktige kunstnarane lukkast i Trondheim kunstmuseum, er meg ei gåte.
Den første salen vi kjem inn i andre etasje, har store vindauge mot byen. Mellom glasa er det klistra opp rastrerte foto av dei fire kunstnarane, smale bilde som strekker seg frå golv til tak. Eg er usikker på kva dei ønskjer å få fram med dette grepet, her ser kunstnarane yngre ut enn sine 40–50 år, er det for å illudere ein slags kjendisfaktor eller ei form for erstatning for originalane under koronaen? Det ville fungert betre med videopresentasjonar. Det er mange meir elegante måtar å løyse problemet med fråvær på.
Steinar H. Kristensen
I overlyssalen, det største av utstillingsromma, stig vi inn i det myldrande universet til den oslobaserte kunstnaren Steinar Haga Kristensen (f. 1980).
Vi kjenner att utstillingsstrukturen og temaa frå andre større separatutstillingar han har hatt dei seinare åra. Her står keramiske figurar på geledd, med pappkasser til sokkel. Arbeida er plasserte så lågt at vi må bøye oss for å sjå.
Også dei høge veggflatene vert fylte med arbeid. Uttrykket er brunt, ein myldrande akrobatikk gjennom ei mengd kunstnarlege teknikkar. Kunsthistoriske, religiøse, samfunnsmessige referansar mumlar gjennom mylderet av gjenstandar. Etter kvart som vi granskar verka, ser vi at fleire av motiva vert repeterte fleire stader i rommet, men laga i andre teknikkar og format. Såleis vert rommet fletta saman til eit eige univers med sin eigen logikk.
Trass i at eg verdset den leikne, uvørdne måten han arbeider på, måten han dynger oss ned med objekt på, så treffer han berre nesten. Det kan ha samanheng med at eg såg ein betre versjon i Kunstnerforbundet i 2017 og veit kva han er god for.
Kira Wager
Svensk-norske og oslobaserte Kira Wager (f. 1971) er kjend for den særeigne teknikken sin. Ho tek føre seg bilde frå eigne fotoalbum, målar etter fotografiet bit for bit, dreg fargane utover med spatel.Resultatet vert eit bivrande lappeteppe av kvardagslege scener med barndom og sommar, kaffibord og godstolen.
Wager har arbeidd på denne måten i fleire år. Det ho viser fram her, er ikkje av hennar sterkaste arbeid. Måleria verkar ikkje heilt gjennomførte og har ikkje den nerven ho har på sitt beste. I eitt av verka glimtar ho rett nok til, «Lillehammer» viser smilande barn på ein campingplass, her har ho fanga opp ei stemning, innhylla i fargar med friskleik og spenst.
Matias Faldbakken
Oslobaserte Matias Faldbakken har gitt oss ei gåte. Han har fylt sin sal med innramma teikningar med noko som minner om logoar og stiliserte symbol, nokre skisser av ei byste. Teikningane er rufsete, med flekkar, som om det er skisser frå ein prosess som er henta fram. Vi er midt i ein prosess fram mot noko vi ikkje veit kva er. Under kvart bilde er det stabla opp mursteinar i ulike mønster, ein slags symbolsk sokkel. Stablane er måla med lakk i ulike fargar, rommet luktar stramt.
Her er fleire spor og referansar, men eg fangar ikkje opp tydinga av dei. Det er som om eg manglar ein nøkkel, noko som kan få meg til å forstå. Den fann eg i så fall aldri.
Slike gåter kan vere inspirerande, skape undring og få oss til å spinne vidare, men eg leitar og leitar før eg omsider går vidare.
Tori Wrånes
I det siste rommet er det så godt som ingenting. Men no skjønar vi kor plystrelyden kom frå. Dei lyse tonane har følgt oss frå rom til rom, først svakt, nesten umerkeleg. No er lyden sterk, og vi skjønar at han kjem frå ein høgtalar i taket. Lyden får oss til å løfte blikket, mot ei forsiktig pulserande lampe i taket, i glastaket skimtar vi eit par sko, som om nokon står der og ser ned mot oss.
Midt i rommet er det montert ei boga dørramme, som ein terskel over i noko anna. På golvet ligg ein pustande ryggsekk, sydd i eit mjukt stoff, raudt som eit hjarte. Her er nokre små detaljar, ein jarnring er festa i portalen, nedst er blåskjel felt inn i treverket, alle gjenstandane mjuke og runde i forma.
Trass i få gjenstandar vert utstillinga sanseleg, opplevinga set seg i kroppen. Den kristiansandbaserte kunstnaren er mest kjend for sterke happeningar. Utstillinga verkar i så måte som ei god ramme, ei forventning om ei framføring av noko viktig, men stoppar der. Sjølvsagt er slikt vanskeleg å få til under ein pandemi, men dette var vel ikkje ukjent for kunstnaren.
Dette er den utstillinga eg likte best, og eg synest ho bør vinne når prisen vert delt ut 18. august.
Femtiårskrise?
For å kunne bli innstilt til Lorck Schive Kunstpris må ein bu og arbeide i Noreg og ikkje vere eldre enn femti år i nominasjonsåret. Dette siste kriteriet anbefaler eg på det sterkaste å luke vekk. Det er påfallande kor nær fleire av kunstnarane er aldersgrensa. Det kan verke som om juryen skundar seg å velje ut kunstnarar som er i ferd med å «gå ut på dato».
No som kunstprisen er vel etablert, er kanskje tida inne for å tenkje nytt? Ta inn meir ukjende kunstnarar, vere merksam på representasjon og vurdere kva kvalitetsregister dei baserer vurderingane sine på.
Særleg saknar eg dei unge, dei vi enno ikkje har sett så mykje til. Kan hende ein kunne veksle mellom ei prisutstilling utan aldersgrense og ei for dei under tretti?
Ei slik synleggjering av unge kunne skape heilt andre debattar enn dei vi er vande med.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.