Kunst
For mykje av det gode?
Det er ikkje alltid Oscar Wilde har rett: For mykje av det gode er ikkje alltid vedunderleg. På Munchmuseet møter vi tre sterke røster, og tonane kling ikkje godt saman.
Lena Cronqvist: «Flicka med pappadocka II» (1996–97).
Foto: Ove Kvavik
I dei siste tre åra har Munchmuseet utforma utstillingane som dialogar med andre kunstnarar, nolevande så vel som eldre, norske så vel som utlandske. Dette er eit spenstig grep som løftar Munch ned frå pidestallen sin. Utstillingane aktualiserer Munch på heilt nye måtar, og synleggjer kor viktig han er for kunstnarar også i dag.
Så langt har møtet vore mellom Munch og éin annan kunstnar. Denne gongen er det to. I Hode ved hode – Cronqvist | Bjørlo | Munch er Munch sett saman med den svenske Lena Cronqvist (f. 1938) og Per Inge Bjørlo (f. 1952) frå Noreg, to kunstnarar som eg har følgt med på gjennom meir enn tjue år. Ein kan undre seg over eitt: Når Munchmuseet omsider har funne plass til ei kvinne innanfor museumsveggane, endåtil ein slik sterk og markant kunstnar som Cronqvist, kvifor då blande inn Bjørlo?
Tre sterke røyster
Sett som ein heilskap, er det Hode ved hode-utstillinga som har fungert dårlegast av alle Munch-dialogane. Samstundes er dei utstilte verka umåteleg gjevande å sjå. For museet bognar av gode måleri, teikningar, grafikk, skulpturar og installasjonar, heile 150 i talet.
Denne gongen har kuratoren latt kunstnarane sjølve velje ut Munch-verk frå den omfattande samlinga. Interessant nok har kunstnarane funne fram til verk som flatterer deira eigne arbeid. Så det er vel ikkje så underleg at arbeida til Cronqvist og Bjørlo overdøyver og stikk seg ut i desse samanstillingane? Brorparten av verka i utstillinga ropar høgt. Men det er ikkje alltid slik at den som ropar høgast, er best. Mellom anna er det henta fram eit verk av Munch eg ikkje har sett tidlegare. «Besøk på Ekely» frå 1942 er eit lite, stillferdig bilete av ei kvinne skildra i gule nyansar. På lågmælt vis spelar det seg ut ei heil forteljing av desse lette, raske penselstrøka, som er vel verde å dvele ved.
Møte på feil vilkår
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.