JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Fengjer breitt, treffer hardt

Per Inge Bjørlo er fødd i Spjelkavik i 1952, og oppvekståra på Sunnmøre skulle bli viktige for det kunstnarlege uttrykket. Såleis er han på heimebane når han fyller Jugendstilsenteret og Kube med dramatiske og urovekkjande verk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Vaksensenga» (2011). Utsnitt av installasjonen.

Alle foto: Frank Furseth

7635
20240119
7635
20240119

Utstilling

Per Inge Bjørlo:

Glas, jord, eld

19. oktober 2023– 3. mars 2024
Jugendstilsenteret og Kube, Ålesund

Store glasbrot stikk ut av bordduken. Slanke og kvasse som knivar står dei klare til å spidde middagsgjestene. Tittelen på denne nådelause installasjonen er «Velkomen heim». Verket er så enkelt utført at det kunne blitt opplevd som ganske tamt om det var plassert i eit tradisjonelt museumslokale med kvite vegger. Men ikkje her det står no. Bjørlo laga verket særskilt for den ærverdige matstova i den tidlegare Apothekergaarden, teikna i 1807 av Hagbarth Schytte-Berg (1860–1944).

Dette er noko av det flotte som skjer når ein tek eldre bygg i bruk som utstillingsareal. Gjer ein det på rette måten, vil rommet – konteksten, om du vil – spele med og gi næring til verket. Og det er litt av ei ramme han har fått for verket sitt. Apothekergaarden er gjennomført i ein rikt ornamentert og påkosta jugendstil, inspirert av norsk mellomalder. Også møblane i denne matstova er teikna av arkitekten sjølv. Ser ein nærare på dei handskorne stolane, har dei silhuetten av ei ugle, eit symbol for visdom som går att fleire stader i huset.

«Gjennom flere års erfaring vet vi at kunsten har en avgjørende rolle i utviklingen av et sted. Den kan skape sammenhengskraft, møtesteder og en opplevelse av å høre til.»

Ingrid Langklopp, initiativtakar til Åfjord Art Month

Etter at Jugendstilsenteret flytta inn i Apothekergaarden i 2003, vart matstova pussa opp. Til vanleg har rommet eit bord dekt til eit festmåltid. I samband med denne store separatutstillinga Glas, jord, eld har Per Inge Bjørlo teke regien over middagen. Svinga lysestakar, roser og elegant forma stetteglas er erstatta med ein naken duk med glinande, utstikkande glasbrot. Det er lett å la seg dupere av det vakre rommet og oversjå dei dødelege, gjennomskinlege glasbrota. Bjørlo klarer såleis med eit enkelt grep å skape bilde av ei samkome som skulle vise seg å verte vond og vanskeleg.

«Velkomen heim» (2004) er laga særskilt til den ærverdige spisestova i Jugendstilsenteret.

Kroppsleg oppleving

Karakteristisk for verka til Bjørlo er at vi opplever dei med magen, som ei kroppsleg kjensle. Denne evna til å verke så sterkt på oss, er det få andre samtidskunstnarar som har. Han borar seg djupt inn i smertelege menneskelege relasjonar av den typen vi alle kan kjenne att. Samstundes maktar han å formidle sinne og ubehag utan at det tippar over i sjølvmedkjensle eller klagerop.

Bjørlo har i mange intervju framheva korleis ein utfordrande barndom vart drivkraft og retning i kunsten. Han voks opp i ei brytingstid i ei bygd som på utsida var prega av industrieventyr og auka velstand, men som på innsida kunne vere heilt annleis. Sjølv levde han saman med foreldre som drakk, og som ikkje makta å byggje opp ein trygg heim. Gjennom kunsten løftar Bjørlo dei smertefulle kjenslene opp til noko heroisk, og han viser korleis ein kan bere med seg, i staden for å verte broten ned.

Glas, jord, eld er ei utstilling som snakkar til eit breitt publikum, og som treffer hardt. Endåtil dei to ungdommane mine, som elles plar vere raske med å stikke seg unna med mobiltelefonane, vart gåande og sjå, og dei snakka lenge om opplevingane sine i etterkant.

Bjørlo er kjend som pioner som installasjonskunstnar. Han slo hardt igjennom då han i 1984 fylte eit rom på Henie Onstad Kunstsenter med dekk, gummi og anna bruksmateriale frå industrien. Han har vore tru mot uttrykket sidan den gong, utan at han på noko vis har stivna fast.

Bjørlo sankar framleis inn gjenstandar frå industrien som metallrøyr, silikon, matter til sprengingsarbeid, gummispon, metallbitar. Han har dessutan i lange periodar hatt atelier i eit industribygg. Objekta han formar verka sine med, så vel som den røffe tilverkinga, er viktige for måten verka vert opplevde på. Med desse utradisjonelle materiala skaper han heftige og rå former som gjerne har figurative trekk, men samstundes med store abstrakte kvalitetar.

Klasseskiljet

Når vi har sett oss mette på verket «Velkomen heim», går vi ned i kjellaren, der ein underjordisk gang fører oss over til kunstmuseet Kube. Dette er ein tidlegare bankbygning frå 1906, som til liks med Jugendstilsenteret vart bygd om til museum i 2005. Det første verket er plassert i bankkvelvet. Når vi stig inn i den smale safen, vert vi blenda av eit kraftig lys frå installasjonen «Klasseskiljet» (2018–2023). Her er delar av prismekroner klistra på glasplater med store klumpar lim i svart og grått. På golvet ligg avskorne apotekarkasser og lyslenkjer på store speglar, noko som gir ein svimlande verknad.

Vi står i eit rom som er konstruert for å tryggje verdiar, og såleis er ein fruktbar arena for å tematisere klasseproblematikk. Men eg klarer ikkje å sjå korleis verket fortel noko som helst om dette. Lysekroner i krystall er sjølvsagt eit gamalt statussymbol. Kan hende prisma som er jamt fordelte utover, vert eit symbol på å fordele goda? Kva så med apotekarkassene? Eg vert gåande og undre meg utan å kome nærare noko svar, utan at verket eigentleg vert dårlegare av den grunn.

Blomar til mor

Når vi går opp trappa til første etasje av Kube, er heile golvflata dekt av ein frodig installasjon. «Blomar til mor» (2014–2017) er forma som ein spiral, der treskaft i ulike fargar snor seg innover. Kan hende viser fargane til ulike livsfasar? Men kvifor er det ei knust glasplate under kvart treskaft? Også dette er eit gåtefullt verk, dragande og fråstøytande på same tid.

«Blomar til mor» (2014?–2017) fyller golvflata i hovudsalen på Kube. På veggen heng to seriar med teikningar, også desse med mor som tema.

I same rommet heng to seriar med teikningar: «Mor, du er så vakker i dag» (2008–2014) og «Du er så død i dag, mor...» (2008–2014). Fleire av teikningane er svært gode, med andlet som dreg oss inntil seg med det insisterande blikket sitt.

Vaksensenga

I andre etasje vert vi møtte av eit herleg mylder av skulpturar og vegginstallasjonar. Vi går frå det eine verket til det andre, spente på kva det neste vil vise oss. Eg vil særleg framheve rominstallasjonane «Vaksensenga» og «Bornesenga», som viser kor dyktig han kan vere til å få heile rommet til å spele med i ei oppleving.

Her har han utvikla møbelkonstruksjonar som ved første augekast minner om reinskoren funkis med stålrøyr og sobre former. Men ser ein etter, oppdagar ein fort at dei er grovt samansveisa. Såleis viser han til design og møbelindustri på ein karikert måte. Begge installasjonane er skremmande utforma med harde, vonde senger, skarpe kantar, speglar og blendande lys.

Særleg inntrykk gjer «Vaksensenga», med ei diger lysekrone dinglande umogleg nær sengebotnen. Rundt senga er store speglar som reflekterer det kraftige lampelyset, kan hende ei vanvitig sjølviscenesetjing? Begge romma er like ugjestmilde som uhyggelege, og samstundes så underleg vakre å sjå inn i. Senga er eit møbel dei fleste av oss tenkjer på som djupt privat, og den eine staden der ein verkeleg skal kunne føle seg trygg. Møtet med det ukjende i det velkjende sparkar beina under oss, får oss til å famle.

Godt kuratert

På sitt beste er Bjørlo god til å utnytte staden han stiller ut på, få bygningen og omgjevnadene til å spele med og gje farge til verka. Samstundes viser mange av utstillingane hans teikn på at verka hans er så kraftige i uttrykket at dei er krevjande å plassere i lag. Men her i Ålesund har dei lukkast med ei særs godt gjennomtenkt og velmontert samanstilling. Såleis er dette ei viktig utstilling. Sjølv om ein del av verka er kjende frå før, bør dei få eit gjensyn her i Ålesund, i nettopp denne monteringa.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis