Fargerikt
i svart og kvitt
«Constraint» (1976) av Elaine Shemilt.
Foto, film og installasjon
Gruppeutstilling
med 200 verk av 48 kunstnarar
KVINNE – 1970-tallets feministiske avantgarde
15. juni–14. oktober
Stavanger kunstmuseum
Då eg gjekk inn i utstillinga og møtte vegg etter vegg som var dekte med små foto i svartkvitt, vart eg mo i knea. Eg er så van med at samtidskunsten ropar mot oss på lang avstand, med kraftige fargar og omfattande format. Men desse arbeida er frå ei tid som rett nok ikkje ligg så langt attende, men som vil ha oss nærare før dei talar med oss. Då eg kom nærare, såg eg at ein slett ikkje treng å ruve i storleik for å gjere inntrykk. Snart var eg djupt inne i eit eige univers, og der vart eg verande, eg gløymde tid og alt av avtalar. Sjølv om 200 kunstverk høyrest svært mykje ut, gav utstillinga heller meirsmak enn kjensla av å ha forete seg.
Tema for utstillinga er feministisk kunst frå syttitalet. Alle verka er lånte inn frå kunstsamlinga til firmaet Verbund. Verbund er det største kraftselskapet i Austerrike, og det har bygt opp ei omfattande kunstsamling. Sidan 2010 har utstillingar baserte på samlinga blitt viste på kunstinstitusjonar over heile Europa.
«KVINNE – 1970-tallets feministiske avantgarde» er kuratert av Gabriele Schor, som er leiaren for samlinga, og Hanne Beate Ueland og Vibece Salthe ved Stavanger kunstmuseum. Utstillinga skal vidare til Brno i Tsjekkia og New York.
På eigne premissar
Her vert ein kjend med leiande feministar frå 1970-åra, som på imponerande vis braut opp fastmeisla fordommar i kunsten så vel som i samfunnet. Fellesnemnaren for dei 48 kunstnarane i utstillinga er at alle bruker eigen kropp som verkemiddel. Gjennom å iscenesette seg sjølv stiller dei spørsmål ved dei snevre og stereotype rollene kvinner vert pressa inn i, og prøver ut nye. Auga er som regel retta direkte mot oss med konfronterande blikk. Eitt eksempel er fotoserien «Constraint» (1976) av britiske Elaine Shemilt. Verket er ein reaksjon på at skulpturlæraren hennar hevda at det ikkje var råd å vere både kunstnar og kvinne. Ho svarar med å surre seg sjølv fast, til ho er heilt utan handlingsrom, men paradoksalt nok dermed har skapt ein skulptur av seg sjølv. Her viser ho på ironisk vis til den klassiske nakne kvinneskulpturen, tolka gjennom nyare kunstformer. Såleis ler ho av at skulpturlæraren har sove i timen.
Den britisk-amerikanske kunstnaren Penny Slinger er mykje meir konfronterande med serien «Wedding Invitation» (1973). Her ser vi henne inni ei bryllaupskake. Når brudgommen på tradisjonelt kuttar opp kaka, vert lite overlate til fantasien. Ho set såleis spørsmålsteikn ved om rituala kring bryllaupet fremjar patriarkalske strukturar. Ho spelar på forventninga om kvinna som den passive parten, klar til å nytast. Samstundes er ho slett ikkje eit offer, tvert om verkar det som om ho nyt situasjonen, brudgommen viser seg også vere kvinne. Vi vert vikla inn i ein absurd leik med symbol og fordommar.
Uheldige inndelingar
Utstillinga er delt inn i fem tema: «Mor, husmor, hustru», «Rollespill», «Den vakre kroppen», «Kvinnelig seksualitet» og «Sperret inne – bryter ut». Eg har ikkje sansen for måten verka vert kategoriserte på. Dei bastante tematiske titlane gjer det lett å leggje for stor vekt på visse sider ved verka. Såleis risikerer ein å gå glipp av dei fine nyansane som nettopp gjer dette til kunst. Og var det ikkje nettopp å bli sett i bås desse kunstnarane kjempa så hardt imot?
Derfor forsøkte eg å lausrive meg frå måten verka var ordna på, og heller gå nærare inn på kvart kunstnarskap. Det er samstundes sympatisk korleis kuratorane har sett store stjerner side om side med dei som er mindre kjende. Såleis konkurrerer verka i mindre grad enn dei utfyller kvarandre. Mangelen på blikkfang gjev ei eiga ro over utstillingsromma.
Sherman og Chicago
Eg vil framheve verk av Cindy Sherman og Judy Chicago, som begge er to av dei aller mest innflytelsesrike kunstnarane i samtidskunsten. Sherman har vore sin eigen modell i meir enn tretti år. Ho er representert i utstillinga med fleire hovudverk. «Untitled Film Stills (1977–80) viser kunstnaren i stereotype kvinnelege roller inspirerte av filmar frå 50-åra. Serien skaper ein ny sjanger i kunsten. Ved å snu kameraet mot seg sjølv, samstundes som ho bruker verkemiddel frå Hollywood-industrien, viser ho at det å vere kvinne er ei form for skodespel, ei utkledning. Men i staden for at det blir ei tvangstrøye, syner ho at dette er roller ein kan leike med og velje fritt mellom.
Judy Chicago er representert med eit tidleg ikon, «Red Flag» (1970). Her set ho fingeren på noko ein helst skulle løyne og heller ikkje tale om. Ho løftar det i staden opp som motiv for eit litografi. Utsnittet er snevra til underlivet, med ein blodraud tampong som blikkfang.
Sprengkraft
Desse verka har sprengkraft som enno rungar i øyra våre. Bileta vert skarpe spydspissar som brøyter seg fram. Kunstnarane bevega seg gjennom ein seig materie og var pionerar som vi kan takke for rettar vi i dag reknar som sjølvsagde. Samstundes kan det hende vi tek for lett på desse rettane i dag. Trass i at dei fleste kunstnarar er kvinner, tronar mannsnamn øvst på alle lister over kven som tener best og får dei gjævaste oppdraga. Såleis vert utstillinga aktuell for oss på fleire måtar.
Det som overraska meg mest, var den forfriskande energien som gjennomsyrer arbeida. Mange av verka har ein ramsalt og uforferda humor som ein sjeldan ser i dag, og som eg saknar.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?