JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Elegant og treffsikkert

Utstillinga med Nils Aas og Jakob Weidemann er praktfullt sett saman, mest som ein musikalsk komposisjon, der også kuratoren Anders Sletvold Moe vert svært tydeleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nils Aas: «Modell til relieff for Bonde og co» (1977), 10,5 x 22,5 cm, stål og sponplate.

Alle foto: Steinar Johansen

6163
20230505
6163
20230505

Jubileumsutstilling

Jakob Weidemann og Nils Aas:

Nils Aas Kunstverksted, Inderøy

4. februar–28. mai
Kurator: Anders Sletvold Moe

I år ville inderøyaren og bilethoggaren Nils Aas (1933–2004) fylt 90. Dette er den første utstillinga i jubileumsåret for kunstverkstaden, ein presentasjon som viser skulpturar og relieff av Aas i samklang med måleri av Jakob Weidemann, som ville fylt 100 år i år. Weidemann er fødd i Steinkjer, det same er kuratoren for utstillinga, Anders Sletvold Moe (f. 1978), som i tillegg til å vere ein aktiv og veletablert kunstnar har kuratert fleire utstillingar med trøndersk abstrakt kunst.

Moe har nær kjennskap til dei to tungvektarane i kunsthistoria frå barnsbein av. Jakob Weidemann gjennom dei praktfulle glasmåleria han utførte for Steinkjer kyrkje i 1965. Også Nils Aas har vore ein naturleg del av kvardagen i form av skulpturane og utsmykkingane i offentlege rom.

To pionerar

Kuratoren har lukkast godt med å smelte ei skiftande utstilling inn i eit visingsrom med ei omfattande fast utstilling av verka til Nils Aas. Karakteristisk for Moe er utstillinga forma med stram hand. Resultatet er prega av ein elegant lette som speler på særtrekk i arkitekturen i rommet, samstundes som han har sett opp ekstra vegger som gir høve til å setje opp fleire verk og å avgrense verka tematisk.

Anders Sletvold Moe har valt ut verk frå den rikhaldige samlinga etter Nils Aas, fleire er skulpturelle skisser og modellar, mange er berre 30 og 50 centimeter høge. Dei små verka har noko fint og friskt i seg, dei er utforskande og leikne i forma. Arbeida er gjerne uvørdent og grovt utførte, men alltid med gode, sterke former. Det skin godt igjennom at Nils Aas vaks opp i eit miljø der godt handverk stod sterkt.

Aas arbeidde både figurativt og nonfigurativt gjennom heile karrieren. I denne utstillinga får vi berre sjå på abstrakte og nonfigurative verk. Desse får også ein ekstra vitalitet i møtet med måleria til Weidemann, som er ein av dei store pionerane i norsk abstrakt kunst. Av steinkjerbyggen møter vi mange verk som sjeldan har vore viste. Kuratoren har vore på detektivjakt i private samlingar etter dei heilt rette verka for utstillinga. Verka til Weidemann er valde ut frå tre periodar frå slutten av 1940-åra til 1960-åra. Dei tidlege måleria viser inspirasjon frå kubistiske kunstnarar som Picasso og Braque, i tillegg er det fleire skogbotnmåleri og tidlege forsøk på utforming av blomstermåleri.

Kraftfull dialog

Fargane på veggene er sette opp med stor omhug for å passe best mogleg til verka. Ein lettvegg i bjørkefiner vart endåtil montert opp for å gje Weidemann-måleria ein bakvegg som speler på det treverket Nils Aas var så oppteken av.

Det vakraste av kunstnarmøta er det som oppstår mellom «Rødt løv» (1961) av Jakob Weidemann og den store koparskulpturen «Utan tittel» av Nils Aas. «Rødt løv» er eit av dei mange skogbotnmåleria som Weidemann er så kjend for. Medan så mange kunstnarar har måla storslegne skogar, endåtil skogsinteriøret der ein ser innover i motivet mellom greiner og busker, vende Weidemann seg nedover, ikkje berre var det nærstudium av det han såg av mose, lyng og stein, men han fanga inn andre sansar, varmen frå jorda, luktene, sjølve naturopplevinga. Han har lagt på lag på lag med måling i djupe raudtonar, til overflata vart heilt knudrete og såleis fekk ein relieffverknad som minner om sjølve teksturen i ein norsk skogbotn.

Trass i at Aas uttrykker seg med ei romleg utforming og Weidemann i flata, ser vi her eit stort slektskap. Fargemessig kling måleriet fint saman med spelet i raudlege og grøne tonar i skulpturen til Aas. På same vis er det gjevande å samanlikne korleis den geometriske komposisjonen løyser seg opp i noko mjukt og organisk i begge verka.

Etterbilde

Utstillingskuratorar arbeider gjerne bakom kulissane og synest på diskret vis gjennom valet av kunstverk og utforming av rommet. I denne utstillinga dukkar kuratoren Anders Sletvold Moe sjølv opp som utøvar. Han stiller ut to eigne kunstverk som er måla som eksakte kopiar av to av måleria til Weidemann, men i forminska versjon på plater i svart pleksiglas. Dessutan har han tolka dei klangfulle fargane i måleria til Weidemann i gråtonar og skapt delikate, melankolske nattversjonar av desse verka.

Kopiane til Moe heng side om side med Weidemann-måleria dei er inspirerte av. Såleis vert dei opplevde som etterbilde av måleria, desse bilda som heng att på netthinna etter at ein har stira lenge på noko. I etterbilda vil fargane gjerne endre seg.

Dette grepet er ein fin framgangsmåte for å få publikum til å sjå nærare på korleis Weidemann arbeidde fram dei abstrakte komposisjonane sine. Gjennom samanlikninga av verket i svart og kvitt verdset vi i endå større grad fargespelet og teksturane i måleria til Weidemann. Samstundes står bruken av pleksiglas i stor kontrast til originalen, som er måla på ei papplate på ein bakgrunn av strie. Den moderne materialbruken er med på å understreke tida som har gått mellom dei to arbeida.

Meistermøte

Det er to av dei mest kjende kunstnarane vi har som er plasserte saman på Nils Aas Kunstverksted. Det er likevel i liten grad dei velkjende, ikoniske verka som vert viste fram. Kuratoren har i staden henta fram meir utforskande verk der kunstnaren har søkt etter nytt uttrykk, nye måtar å uttrykke seg på gjennom eit abstrakt formspråk. Dette gir utstillinga ei smittande livsglede.

Utstillinga er ei flott feiring av det sprelske og leitande som finst i desse to solide kunstnarskapa, sider som er lette å gløyme på grunn av den store tyngda som kviler over hovudverka deira.

Anders Sletvold Moe har lukkast med å gje eit nært og fortruleg blikk på dei to nestorane. Utvalet er ikkje så stort, mange av verka er små, enkelte endå skisseprega, men til saman går kvart av verka opp i ei større eining. Nærast som ein symfoni bygger dei på kvarande, eller kanskje dei heller utgjer eit roleg preludium der kjenslene ulmar svakt djupt under overflata.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis