Kunst

Elegant og antydande

Det uredde og nyfikent eksperi­­-ment­­er­ande går att i utstillinga til Susanne Fagermo.

«Transformasjon 1 (Bardunisolatorer)», 180 x 180 cm, porselen, stål og brøytestikker.
«Transformasjon 1 (Bardunisolatorer)», 180 x 180 cm, porselen, stål og brøytestikker.
Publisert

Ålesundaren Susanne Fagermo (f. 1955) kjem frå ei slekt med tre generasjonar kunstnarar. Gjennom ei solid årrekke har ho markert seg som keramikar, fram til ho på tidleg 2000-tal tok eit uventa grep i tilværet. Då la ho frå seg kunsten og drog til sjøs. I meir enn ti år har Fagermo arbeidd på fiskebåtar, med berre 36 timar kviletid på land om gongen.

Først i 2018 vende ho attende frå havet for godt, kjøpte seg atelier og omnar i Ulsteinvik og tok til på ny frisk med kunsten. Sidan har ho arbeidd mot utstillinga Sammensatt, delt og transformert ved KHÅK i Ålesund.

Kanskje burde fleire kunstnarar teke seg ein solid kunstpause og såleis fått nytt blikk på prosjektet sitt. Resultatet har i alle fall blitt ei frisk og spenstig samanstilling av skulpturelle objekt og installasjonar i porselen. Fagermo miste heller ikkje noko av det tekniske grepet under det lange avbrekket. Handverket er solid, utstillinga er estetisk vakker å sjå på samstundes som objekta har mange tydingslag.

Kontrastar

Det er kunstnaren sjølv som har kuratert utstillinga. Måten verka er monterte og samanstilte på, gir verka eit ekstra løft. Dei sarte porselensgjenstandane er monterte i kraftige, rustne hyller av jern. Og dei høge, nærast gjennomsiktig tynne krukkene er sette oppå pidestallar med lange og slanke bein som bivrar om ein rører ved dei. Kontrasten til metallet gjer at vi opplever porselenet som ekstra sart og delikat.

Tematisk krinsar utstillinga kring bedrifta Norsk Teknisk Porselen i Fredrikstad, der ho har hatt fleire arbeidsopphald sidan 2018. Dei store røffe industriareala er ein ynda stad for kunstnarar, med ei rekke atelier og høve til å brenne keramikk i tre store omnar. Den eine omnen er heile 20 kvadratmeter stor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement