Kunst

Ein av Tordenskjolds soldatar

Korleis kan det ha seg at eit slikt omfattande, profesjonelt museum finst i vesle Grodås?

Interiør, Svormuseet i Hornindal.
Interiør, Svormuseet i Hornindal.
Publisert

Neste år slår Hornindal seg saman med Volda kommune, og Sunnmøre Museum tek over drifta av dette smykket av eit museum. Museet er vigd til honndølen Anders Svor (1864-1929), bilethoggaren som er kjend for sterke skulpturar i ein naturalistisk og nyromantisk stil. Bygget ligg vakkert til ved Hornindalsvatnet, omkransa av ein skulpturpark. Inne er det to etasjar med offentlege utsmykkingar, både realiserte og ikkje-realiserte, skulpturar laga på oppdrag og frie arbeid.

Vanskeleg leveveg

Bilethoggaren Anders Svor vaks opp i Grodås i Hornindal, eit område som er kjent for rike handverkstradisjonar. Og det gjekk ei særleg sterk kunstnarleg åre gjennom Svorfamilien. Allereie som unggut utmerkte han seg med ein uvanleg formsans, og han vaks opp i eit miljø som responderte på talentet. Dei skrapa saman pengar til utdanning i Oslo. Seinare kom han til kunstakademiet i København og endeleg til Paris. Men han hadde valt seg ein vanskeleg leveveg. Det er svært kostbart å støype skulpturar i bronse, og svært arbeids- og plasskrevjande å hogge i stein og marmor. Såleis er bilethoggarar heilt avhengige av å få mange oppdrag for å nå det kunstnarlege potensialet sitt. Gustav Vigeland var ein av få skulptørar som lukkast her til lands, andre fell i skuggen av han. Mange kunstnarar var lutfattige, og måtte gje opp kunstnarlivet.

Førstepremien i knas

Svor lét seg ikkje skremme. Han viste ein sterk arbeidsdisiplin, trass i lite pengar og dårlege arbeidsforhold klarte han å skape stor kunst. 26 år gamal vann Svor gullmedalje for skulpturen «David» under ei internasjonal utstilling i Berlin. Medgang var ikkje noko Svor hadde for mykje av, skulpturen knuste i frakta attende frå ei utstilling i Chicago. Same året sende han inn bidrag til konkurransen om ein Tordenskjold-statue i Oslo. Han hadde utforma skulpturen i eit ørlite loftsrom. Såleis vart han forskrekka då figuren vart stilt ut, han verka så stutt i det store lokalet. Men det merkte ikkje juryen seg med, dei var imponerte over måten den unge kunstnaren hadde blåst liv i folkehelten på, og skildra han så herleg munter, freidig og arrogant. Svor vann konkurransen. Men gleda vart kortvarig. Oppgåva med å utføre monumentet vart overraskande nok gitt til kunstmålaren Axel Ender, som kom på andreplass, men som hadde sterke vennar i ryggen.

Eit hovudverk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement