JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Ei utstilling
går digitalt

Her møter vi Edvard Munchs fotografi og filmar som vart funne i heimen på Ekely etter at han døydde i 1944. Han stilte aldri ut dette materialet sjølv. Såleis vert utstillinga eit gløtt over skuldra til kunstnaren, eit nytt perspektiv inn i eit av dei sterkaste kunstnarskapa på 1900-talet også internasjonalt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Edvard Munch og Rosa Meissner, Warnemünde», 1907. Kollodion.

Kopirett: Munchmuseet

6383
20210122
6383
20210122

Kunst

Munchmuseet,
nettutstilling

Det eksperimentelle selvet. Edvard Munchs fotografier

https://det-eksperimentelle-selvet.munchmuseet.no
Kuratert ?av Patricia G.?
Berman

Munchmuseet er som kjent stengt fram til dei er komne på plass i Bjørvika, det er enno ikkje sett ein opningsdato. Derfor har dei lagt seg i selen for å utvide tilbodet på nettsidene. Her finn vi omvisingar, kunstnarsamtalar, undervisningsopplegg og den digitale utstillinga eg skal ta føre meg, Det eksperimentelle selvet. Det har ikkje berre vore enkelt å skrive om utstillinga, sida har fleire gonger vore nede, utan forklaring.

Det eksperimentelle selvet er ein digitalisert versjon av ei fysisk utstilling som har vore vist ved Munchmuseet, Kode i Bergen, Scandinavia House i New York og Thielska Galleriet i Stockholm.

Munch tok til å fotografere i 1902, det året forholdet til Tulla Larsen på dramatisk vis enda med pistolskot og skade i høgrehanda. Etter nokre år la han vekk apparatet. Først i 1927 tok han fotograferinga opp att, og han eksperimenterte med foto og film fram til midten av 1930-talet.

Fordelt på kapittel

Arbeida i Det eksperimentelle selvet er tematisk fordelte på seks kapittel. «Amatørfotografen» består av 21 foto frå åra 1902–09. På same vis som i måleriet og grafikken viser bilda korleis Munch ser vekk frå rådande reglar om korleis eit vellukka bilete skal sjå ut, og finn fram til eigne vurderingskriterium. Det er inspirerande å sjå det frie og undrande blikket, den tydelege gleda over å oppdage nye verknader.

Når det gjeld det utstillingstekniske, stussar eg over at fotografia er så små. Dei fyller berre ein liten del av skjermen. Trass i at eg såg utstillinga på ein stor monitor med god oppløysing, fekk eg ikkje noko fullgodt inntrykk av arbeida. Hadde det vore råd å forstørre bilda, og såleis granske detaljane nærare, ville utstillinga vorte mykje meir spennande. Fleire av bilda er også skorne ned i kantane, då mister dei ein del av uttrykket sitt.

I kapittelet «Munchs kameraer» vert vi nærare kjende med nokre av apparata han nytta. Her skulle eg svært gjerne sett bilde frå fleire vinklar, såleis at ein fekk betre inntrykk av utforming og funksjon. I digitale utstillingar kan ein godt vere øydsel i bildebruken.

Helbredelsesdagbok

I sekvensen «Helbredel­sesdagbok, øyeblikksbilder fra Warnemünde til København» ser vi mellom anna Munch posere naken medan han målar på stranda i badebyen Warnemünde i Tyskland i 1906–07. «Edvard Munch og Rosa Meissner, Warnemünde» (1907) er eit karakteristisk arbeid.

Munch utforska verknadene av å flytte på kameraet medan bildet vart teke, såleis at motivet vert utviska og fordobla. Resultatet er tilfeldig, kunsten er å ta vare på dei resultata som fungerer. Vekta på soldyrking og den sunne kroppen står i kontrast til fotoserien frå klinikken til dr. Daniel Jacobson i København frå året etter. Munch skreiv seg inn på klinikken i 1908 etter eit mentalt samanbrot.

Spøkelseskropper

Medan den fysiske vandreutstillinga Det eksperimentelle selvet vart vist saman med ei måleriutstilling, ligg den digitale versjonen åleine på nettstaden. Dette er eit minus. Utstillinga hadde nok vore endå meir interessant om ho fekk selskap med ei digital utstilling med måleri eller grafikk. For å bøte på dette har dei lagt inn fleire tresnitt i kapittelet «Spøkelseskropper». Men også her er bilda så små at dei vert reint illustrative. Det vert uråd å få inntrykk av desse eigentleg særs vakre og stemningsfulle trykka.

I denne delen av utstillinga er også bildetekstane svært svake, fleire av tekstane liknar endåtil mykje på kvarandre. Den utstillingsansvarlege bør ta ein runde med tekstane og gje dei eit løft, og samstundes luke vekk ordfeil frå setningar som denne: «fotografier hvor han nesten utelukkende hvisket ut konturene av seg selv». Vi bør forvente betre språk av eit museum av eit slikt kaliber.

Munchs selfier

I kapittelet «Munchs selfier» ser vi korleis kunstnaren har strekt ut armen og knipsar seg sjølv frå ulike vinklar, granskande og poserande, nett slik alle saman gjer i dag. Forskjellen er sjølvsagt at Munch gjorde dette alt i åra 1927–32, og han framkalla gjerne bilda sine sjølv. Det er særleg mange sjølvportrett frå våren 1930, medan han var plaga av ein alvorleg augesjukdom. Han fekk svekt syn i fleire månader. Det er tankevekkande korleis han klarer å lage kunst av ein sjukdomstype som truleg er noko av det verste ein bildekunstnar kan tenkje seg.

Tamt

Trass i eit interessant tema vert den nettbaserte vandringa gjennom fotografia til Munch for tam. Museet har ikkje lukkast med å få flyt i overgangen frå bilde til bilde. Det vert altfor mange tastetrykk til det, ein må trykke piltast for bildetekst, nok ein piltast for nytt bilde og kryss for neste kapittel. Frå eit nedstengt Muchmuseum synest eg vi bør kunne forvente meir enn dette. I same andedrag må det nemnast at Nasjonalmuseet har lagt mykje mindre vekt på nettsida si, trass i ein diskutabelt lang nedstengingsperiode. Nasjonalmuseet er verkeleg ei sak for seg sjølv.

På leit etter gode kunstopplevingar på internett har eg kome i tvil om mantraet om at folk ønskjer korte opplevingar på nettet. Det er grenser for kor mange snuttar eg har lyst til å sjå, når det gjeld kunst ønskjer eg å fordjupe meg, også på nettet. Eg saknar også meir innsiktsfulle tekstar. Det er laga ein omfattande katalog til utstillinga, kva med å legge ut delar av den?

Her bør ein utnytte betre potensialet som finst i digitale medium. I fysiske utstillingar er det avgrensa plass til tekst og bilde, medan nettet har heilt andre parametrar. Her er det enklare å tilby informasjon på fleire nivå, og å tilby rikelege mengder med bilde, tekstar og film for dei som får smaken på meir.

På nettet kjem utstillingane også i skarp konkurranse med så mykje anna som sluker tid og merksemd. Det hadde vore spennande å sjå kva museet fekk til om det la langt meir tid og pengar i ei digital framsyning. Det er ikkje til å kome vekk frå at nettsidene blir stadig viktigare utstillingsvindauge for musea.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis