Ei glipe inn i trøndersk mellomalder
Nokre er forfjamsa, andre fortvilte, fire er rasande berserkar med ville auge og tennene planta i skjoldet.
Skulpturen er 8,8 cm på sokkelesten og veg 96 gram. Han har form som ein krigar med hjelm og skjold, brunleg etter eit langt opphald under molda. Venstre auge og nasetippen er øydelagt, og det meste av detaljar er erodert vekk. Likevel kan vi beundre den sikre formsansen i dei mjukt avrunda formene. Liten og umerkeleg har han venta i ei skuffe i fleire tiår, før han i sommar kom på auksjon og vart verdsberømt.
I Sotherby’s i London vart figuren klubba inn til den absurd høge summen 8,7 millionar norske kroner. Grunnen til den høge prisen er at dette truleg er ei av dei manglande Lewis-brikkene. Dette er 78 sjakkbrikker som vart funne på Hebridane i 1832. Mange historikarar har argumentert for at dei er laga i Trondheim, som var kjend for gode beinskjerarar. Mønstera på stolane til fleire av figurane minner sterkt om det ein finn i kyrkjeportalar i Trondheim. Ut frå klesdraktene på figurane kan dei vere utforma på slutten av 1100-talet.
Brikka vår svarar til eit tårn i moderne sjakk. Og som resten av Lewis-brikkene er ho laga av kvalrosselfenbein. Støyttenner var særs ettertrakta over heile Europa og vart i hovudsak henta frå Grønland og Island. Såleis står brikka som symbol på ein vidstrekt, pulserande handel, så vel som blikk inn i kulturlivet i mellomalderen.
Figurane er overraskande levande skildra og ikkje utan humor. Nokre er forfjamsa, andre fortvilte. Fire av tårna er forma som rasande berserkar med ville auge og tennene planta i skjoldet. Her er det kamp om liv og død.
Resten av brikkene kan beundrast på British Museum i London og National Museum of Scotland i Edinburgh.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Skulpturen er 8,8 cm på sokkelesten og veg 96 gram. Han har form som ein krigar med hjelm og skjold, brunleg etter eit langt opphald under molda. Venstre auge og nasetippen er øydelagt, og det meste av detaljar er erodert vekk. Likevel kan vi beundre den sikre formsansen i dei mjukt avrunda formene. Liten og umerkeleg har han venta i ei skuffe i fleire tiår, før han i sommar kom på auksjon og vart verdsberømt.
I Sotherby’s i London vart figuren klubba inn til den absurd høge summen 8,7 millionar norske kroner. Grunnen til den høge prisen er at dette truleg er ei av dei manglande Lewis-brikkene. Dette er 78 sjakkbrikker som vart funne på Hebridane i 1832. Mange historikarar har argumentert for at dei er laga i Trondheim, som var kjend for gode beinskjerarar. Mønstera på stolane til fleire av figurane minner sterkt om det ein finn i kyrkjeportalar i Trondheim. Ut frå klesdraktene på figurane kan dei vere utforma på slutten av 1100-talet.
Brikka vår svarar til eit tårn i moderne sjakk. Og som resten av Lewis-brikkene er ho laga av kvalrosselfenbein. Støyttenner var særs ettertrakta over heile Europa og vart i hovudsak henta frå Grønland og Island. Såleis står brikka som symbol på ein vidstrekt, pulserande handel, så vel som blikk inn i kulturlivet i mellomalderen.
Figurane er overraskande levande skildra og ikkje utan humor. Nokre er forfjamsa, andre fortvilte. Fire av tårna er forma som rasande berserkar med ville auge og tennene planta i skjoldet. Her er det kamp om liv og død.
Resten av brikkene kan beundrast på British Museum i London og National Museum of Scotland i Edinburgh.
Eva Furseth
Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.