Kunst

Det store i det vesle

Emaljens magi i Jugendstilsenteret er den første utstillinga av Gaudernack sidan 1979. Så det var tide å få han fram i lyset.

«Hvitveisvasen», detalj, 1901.
«Hvitveisvasen», detalj, 1901.
Publisert

Jugendstilsenteret ligg sentralt til i byen som fleire gonger er kåra til Noregs vakraste. Museet held passande nok til i eit vakkert granittbygg. Med tårn dekorert med slyngornamentikk inspirert av Urnesportalen er den gamle «apothekergaarden» frå 1907 eit av de fremste eksempla på norsk jugendstil.

Emaljens magi

Med denne rikhaldige mønstr­inga av Gustav Gaudernack (1865–1914) viser Jugendstilsenteret at dei er seg bevisst posisjonen som nasjonalt jugendstilsenter. Her får vi eit djupdykk inn i ein viktig norsk kunstnarskap.

I ung alder kom austerrikaren til Noreg som eit friskt pust frå den pulserande kunstnarbyen Wien. I Oslo stifta han familie og fann seg vel til rette. Han vart ein fornyar av jugendstilen og førte den norske gullsmedkunsten opp på internasjonalt nivå gjennom sterk formsans, kreative evner og utvikling av heilt nye teknikkar. Parallelt underviste han og var sentral i opprettinga av ei gullsmedutdanning, og såleis sentral for dei neste generasjonane av gullsmedar.

Han døydde berre 48 år gamal etter ein mislukka blindtarmoperasjon. Sjølv om livet vart kort, var kunstproduksjonen omfattande. Vi veit om minst 2000 verk som har overlevd fram til i dag. Sjølv om han var vidgjeten i samtida, vart han forbløffande fort gløymd.

40 år sidan sist

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement