Kunst
Det ekle i det lekre
Fotokunstnaren Torbjørn Rødland har budd i Los Angeles sidan 2010 og er ein ettertrakta utstillar. Back in Touch er den første separatutstillinga i Tyskland og vert vist i det prestisjetunge galleriet C/O Berlin.
«Cinnamon Roll», 2015.
Foto: Galerie Eva Presenhuber, Zurich
Pressevisningar i Berlin er ikkje heilt det same som pressevisningar i Noreg. Her er interessa for kunstutstillingar massiv. Torbjørn Rødland (f. 1979 i Stavanger) og kuratoren Ann-Christin Bertrand vart raskt omringa av ein flokk på nærare femti journalistar og pressefotografar. Det er ikkje utan grunn at Berlin vert rekna som kunstens Mekka. Byen har eit årleg kulturbudsjett på ein milliard. Til ei kvar tid er meir enn 1500 utstillingar opne. Dei spenner frå tradisjonelle måleri i tunge gullrammer til eksperimentell kunst og sprelske happeningar. Det er lett å ramle inn i kunstdiskusjonar på kafeane, og aviser og tidsskrift tek grådig for seg av alt som skjer på kunstscena.
Fotokunstnaren
Rødland vart kjend i Noreg på 1990-talet – for foto av framandgjorde menneske i naturen – som ein som vidareførte og kommenterte tradisjonen landskapsmåleri. Etter tusenårsskiftet vender han seg vekk frå naturen, og går tett inn på menneske og det menneskeskapte. Han har opparbeidd seg høg handverkskvalitet med ei treffsikker behandling av lys, skarpleik og komposisjon.
Back in Touch viser et tverrsnitt av produksjonen sidan Rødland flytte til Los Angeles i 2010. Motiva spriker i mange retningar og kunne hatt godt av ein sterkare tematisk overbygning. Samstundes utgjer utstillinga på eitt vis ein heilskap gjennom måten Rødland vektlegg skildringa av stofflege kvalitetar på i arbeida.
«Cinnamon Roll»
Eit eksempel er den sundrivne kanelbollen i «Cinnamon Roll». Strukturane i den luftige skorpa avteiknar seg i gylne nyansar i vakker kontrast til dei runde frøa som ligg strøydd utover. Rødland manipulerer ikkje bileta digitalt. Han er oppteken av å få fram kva motivet kan gje gjennom den fotografiske prosessen. Han bruker framleis analogt fotoutstyr. Såleis vert det som skjer på mørkerommet, måten han styrer framkallingsprosessen på, ein viktig del av kunstuttrykket. «Cinnamon Roll» er så lekkert utført at det kunne vore vist i ein matblogg eller ein reklame – om det ikkje hadde vore for tennene som er trykt ned i bakverket. Biletet er til å verte uvel av, og slett ikkje noko ein gløymer med det første.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.