Kunst

Brytningstid på Svalbard

Ei kolsvart framtid skal erstattast med arktisk forsking og reiseliv – og kunst i eit unikt miljø.

Åsne Kummeneje Mellem: «Tjuetre forsøk, kombinert» (2019–20).
Åsne Kummeneje Mellem: «Tjuetre forsøk, kombinert» (2019–20).
Publisert

I fjor haust opna galleri Nordover i Longyearbyen. Her gjer Nordover seg godt, omkransa av høge fjell med rassikringar og spor etter den omfattande gruveverksemda som har prega det vesle samfunnet gjennom meir enn hundre år.

Dette er ei stor omstilling. Tidlegare heldt galleriet til i gamle, trekkfulle lokale i Nybyen, ein busetnad nokre kilometer sør for Longyearbyen. Galleriet er bygd i forlenging av Coop Svalbard. Dette høyrest kanskje underleg ut, men matbutikken har den mest elegante fasaden eg har sett på eit slikt bygg, stilsikkert utforma i tre og glas. Nybygget imøtekjem alle museale krav til takhøgd, lyssetjing og klima så vel som eit profesjonelt magasin.

Nordover er eigd av Longyearbyen lokalstyre. Det er freistande å sjå på dette flunkande nye og påkosta kunstgalleriet i ein større kontekst. Satsar Svalbard-samfunnet på noko nytt, meir på kunst og kultur for å vise at det er til stades? Svalbard er i dag eit heilt anna samfunn enn i gruvetida, som no snart er forbi, og er i ferd med å hamne på museum. Turismen veks fram som ny hovudnæring, saman med utdanning og forsking. Samstundes er det mange auge på Svalbard utanfrå.

Kunst på sokkelesten

Med det same vi kjem inn døra til galleri Nordover, møter vi eit særmerkt fenomen, lange rader med hyller der du set frå deg skorne. Frå gamalt av var det tradisjon for å ta av seg på føtene, så ein ikkje drog med seg det svarte kolstøvet overalt.

Derfrå går turen på sokkelesten opp trappa og inn i den hyggelege kafeen med ein museumsbutikk som sel kunst og kunsthandverk frå heile polarområdet. Til venstre for kaffimaskinen finn vi døra inn til ein kino med 32 sitjeplassar, som skal stå ferdig om nokre veker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement