Kunst
Blomar i skinn og kjeder av knoklar
Kunsten til Aslaug M. Juliussen liknar lite på det vi har sett før.
Foto: Riddo Douttar Museat, Karasjok
Det første som møter oss i utstillinga, er tre digre skulpturar: «Hornild», «Hornbærer» og «Hornrose». Reinsdyrhorn stikk opp av store ballar dekte av skinn og hår frå reinsdyr. Dei strålar mot oss som soler. Dei er som relikviar, sakrale gjenstandar frå eldgamle ritar.
Eg gjekk granskande kring skulpturane. Formene er kulerunde frå alle vinklar. Dei vitnar om stor presisjonsevne, eit solid handverk som har slektskap med smykka til Tone Vigeland. Vi finn den same inngåande formforståinga, den utrøyttelege og nyfikne utforskinga av materialet, men her med heilt andre ingrediensar og intensjonar.
Ser vi nærare på skulpturane, oppdagar vi at ho nyttar forskjellige delar av horna til kvar av dei. I «Hornbærer» har ho brukt dei ytste delane av horna, desse som minner om hender med fingrar som bøyer seg innover. Nedst er horna store, så vert dei mindre ettersom auga glir oppover forma. Jo meir vi ser på objekta, jo meir dukkar fram. Innimellom vert det som å forsøke tolke eit framandt språk; vi anar detaljar ein skal ha stor kunnskap om reindrift og samiske tradisjonar for å få fullt utbytte av. Såleis veks det fram eit sterkt ønske om å vite meir og dermed femne tettare om verka.
Å setje kunst i bås
Kunsten til Juliussen krinsar kring reinsdyret. Gjennom fleire tiår har ho arbeidd med reinsdyrdrift, og som kunstnar auser ho av den inngåande kunnskapen ho har om dyra og tilværet på vidda. Ho hentar inn material frå slaktinga og preparerer det trinn for trinn gjennom tidkrevjande prosessar. Det kviler ein djup respekt for reinen i verka, også for kunsthandverkstradisjonen, kanskje særleg for duodji. Duodji er eit samisk omgrep som er vanskeleg å omsetje, der naturmateriale, tradisjon og det åndelege smeltar saman i verket. Juliussen har nytta meir enn førti tradisjonsrike handverksteknikkar i dei utstilte verka. Det er sjeldan å sjå slik breidde i eit kunstnarskap.
Det er freistande å romantisere og eksotisere kunsten til Juliussen. Men kunsten hennar er så mykje meir enn dette. Det er kanskje derfor kuratoren har valt å setje inn seks verk av kunstnarar som har inspirert henne eller har likskapar i materialbruk og tema. Mellom anna er her eit teppe av den kjende tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal, som Juliussen var assistent for tidleg på 80-talet. Desse innslaga skaper nye og ofte uventa rom for dialogar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.