Kunst

Allsidig og leikent

Nordiska myter er praktfullt bygd opp av måleri, skulptur, grafikk, illustrasjonar, skisser og kunsthandverk.

August Malmström, «Älvalek», 1866.
August Malmström, «Älvalek», 1866.
Publisert

Ein haustdag i strålande sol stig vi ut på parkeringsplassen ved Jamtli, det er lenge sidan sist vi har fått høve til å besøke fagre Östersund. Vi går mot det svære friluftsmuseet med kulturhistoriske bygningar og innandørs areal for arkeologiske og kulturhistoriske utstillingar. Sidan 2018 har her også vore eit eige bygg for kunst, Nationalmuseum Jamtli, som viser éi utstilling i året kuratert frå samlinga til nasjonalmuseet i Stockholm.

Praktfullt

Utstillinga av i år rommar meir enn hundre verk frå 1800- og tidleg 1900-tal henta frå den rikhaldige samlinga ved nasjonalmuseet, som rommar meir enn 700.000 verk. Nordiska myter er praktfullt bygd opp av store måleri, skulpturar, grafikk, bokillustrasjonar, skisser og kunsthandverk. Kvart verk er forsynt med beskrivande etikettar som driv oss framover i ei skildring av korleis 1800-talets interesse for nasjonal identitet fekk kunstnarar i dei nordiske landa til å vende interessa mot nordisk mytologi, fornminne, heltehistorier og eventyr. Dette var nytt, tidlegare hadde dei greske og romerske mytane stått sentralt i den profane bildekunsten.

Loke og bjørnejakt

Den store salen er delt opp i mindre tablå. Med store, farga lettveggar som bakteppe vert arbeid av ei rekke kunstnarar som arbeider i ulike teknikkar, plasserte saman. Desse overraskande bognande samanstillingane er vakre å sjå på, samstundes som verka framhevar kvarandre.

I det avbilda interiørbildet ser vi bronseskulpturen «Loke Fjättras» (1878) av Alexander Carlson. Han har skildra korleis guden Loke vart straffa for Balders død. Den store vasen til høgre for skulpturen følger opp temaet, han ligg naken på ei berghylle, medan han vert pint av etsande gift som dryp frå munnen til ein slange.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement