JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Å sjå meir enn me ser

Pengar, mot, teft og genuin kjærleik til kunst gjer at me i Bergen denne sommaren kan sjå ei kunstsamling som det rett og slett er vanskeleg å fatte den fulle verdien av, både kunstnarisk og økonomisk.

Paul Klee: «Innhegning for tjukkhudingar» (1940), olje på lerret, 30,5 x 70 cm.

Foto: Dag Fosse / Kode

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6233
20230526
6233
20230526

Utstilling

«Kan hende er det vakkert»

Kode

10. mars–27. august 2023
Stenersens Samling i Bergen

Midt blant fantastiske verk av norske og internasjonale kunstnarar fascinerer også samlaren Rolf Stenersen (1899–1978). Alt 15 år gammal kjøpte han sitt første Munch-måleri, for konfirmasjonspengane.

Banka på døra

Som 21-åring tente han ein formue på kjøp og sal av skipsaksjar. På same tid banka han, mot alle råd, på døra til Munch. Det må ha vore noko med Stenersen som gjorde at Munch sleppte han inn døra, og vidare inn i privatlivet. Dette var starten på eit livslangt vennskap.

Stenersen er mannen som på mange måtar står bak myten om Munch. Han skreiv boka Edvard Munch. Nærbilde av et geni, som kom ut i 1944. Her er fleire parallellar til Freuds bok om Leonardo da Vinci, med kunstnaren som androgyn, tilbaketrekt og med barndomstraume som igjen genererte skaparkraft.

Stenersen var forretningsmann, idrettsmann, forfattar, journalist og kunstsamlar. I 1936 donerte han samlinga si av nyare norsk kunst til Aker kommune. Store delar av denne samlinga finn du no på Munch-museet. Stenersen var då berre 38 år og framleis i starten på ein samlarkarriere som totalt strekte seg over seks tiår. I 1971 donerte han den nye samlinga, med verk av både nasjonale og internasjonale kunstnarar, til Bergen by. Alt den gongen var verdien over 50 millionar kroner. Det er verk frå begge samlingane som no er stilte ut i Bergen.

Kunstnarsjeler

Det er noko med galleri og trapper. Forventningane stig for kvart steg. Om du vel døra til høgre, blir du brått ståande framfor det fabelaktige portrettet «Sylvette» (1953) av Pablo Picasso. Her er eit nydeleg eksempel på korleis Picasso bretta og vrengde på andlet, kropp, hender og klede. Andletet er sett både i profil og frontalt, og jakka består av ei mengd med trekantar. Det tradisjonelle perspektivet er sett til sides, og kubismen trer fram.

Vidare kjem verk av Sonia Delaunay, Vasilij Kandinskij og Käthe Kollwitz. Eg har vore innom Stenersen-samlinga i Bergen mange gonger, men aldri verkeleg tenkt over kor spesielt det er å ha desse verka hengande her.

Edvard Munch måla Rolf Stenersen i 1925–26.

Foto: Munchmuseet

Sist eg såg noko liknande, var i Peggy Guggenheim-samlinga i Venezia. Både Guggenheim og Stenersen kom frå ein rik familie som dei ikkje kjende seg heilt heime i. Dei var føre si tid, og tiltrekte av kunstnarmiljøet, som dei fann friare, mindre prega av dobbeltmoral og meir interessant. Begge samla på anerkjende kunstnarar, men torde også å satse på unge kunstnarar.

Usynleg i kunsthistoria

Ein norsk kunstnar som nok få har høyrt om, er Else Hagen. Det å bli usynleg i kunsthistoria er ein skjebne ho deler med mange dyktige kvinnelege kunstnarar, og noko fleire galleri og museum for tida prøver å gjere noko med. Hagens måleri «Familie» (1950) viser ein kvardag der idyllen sprekk. I 2022 kunne Kapital melde at fleire av måleria til Hagen på få år var firedobla i verdi.

I år gjekk Nasjonalmuseet ut med ei etterlysing av fem Hagen-måleri som finst i privat eige. Dei planlegg ei stor utstilling som skal til både Oslo, Stavanger, Trondheim og Kristiansand frå januar 2024. Dette er ein kunstnar som me snart ser meir av.

Nådelaust

Litografia til Käthe Kollwitz gjer ekstra sterkt inntrykk. Det er som om ho heilt utan filter skildrar svolt og død, med enorm innleving. Her får me sjå ein av 1900-talets store kunstnarar som starta innan naturalismen og gradvis gjekk over til ekspresjonismen.

Når Gerhart Hauptmann skriv om verka hennar i 1969, er det nettopp med eit stikk til antikkens jakt på det vakre: «Hennes tause linjer gjennomtrenger margen som et smerteskrik; et slikt skrik ble aldri hørt blant grekere og romere.»

Tek tid å oppdage

Utstillingstittelen Kan hende er det vakkert spelar på avantgardekunstens leiting etter alternative ideal, og det er også tittelen på ein av Stenersens tekstar om kunst. Det vakre og harmoniske var ikkje lenger eit mål i seg sjølv. Her ligg noko av opprøret i modernismen. Stenersen er kjend for å vere open for det nye, det grensesprengjande og det utfordrande. Han var fascinert av det som tok tid å oppdage og tid å like. Sjølv utfordra han normene i bøkene sine, blant anna ved å kjempe for mindre skam og tabu rundt seksualitet.

Paul Klee var ein av favorittane til Stenersen. Med måleriet «Innhegning for tykkhuder» (1940) viser Klee noko av det samansette som Stenersen likte så godt. Her er eit svart stengsel, men det er udefinerbart. Kanskje eit gjerde, kanskje eigen angst? Bak ligg det fine, håpet, livet, varmen. Her er rom for å gruble og å gjere verket til sitt eige.

Denne veggen med aktmåleri er ein av nedturane på utstillinga.

Foto: Mona L.D. Mørk

Ein kommunal dusj

Det minst vellukka med utstillinga må vere ein svær vegg med aktmåleri av ulike kunstnarar, tett i tett og to i høgda. I stil og uttrykk er dei svært ulike, og det hjelper ikkje at den nakne kroppen er fellesnemnar, snarare tvert om.

Dette blir rotete, merkeleg, og ingen av verka kjem til sin rett. Åleine har aktmåleriet det private og nære ved seg. Saman blir dette noko ukomfortabelt, som ei dusjscene frå eit kommunalt bad der alle skulle ønskje det var skiljeveggar.

Å sjå meir enn vi ser

Etter fleire rundar i lokalet gir utstillingstittelen meir og meir meining. Ein skjønar kva som i si tid appellerte til Stenersen og anar ein lite tilgjord samlar som hadde aksept for kva enn livet kom dragande med. Innimellom er det skjermar og høgtalarar med intervju av Stenersen som forsterkar dette inntrykket.

I ei opplesing frå 1977 seier han: «Klee ville gjere det skjulte synleg. Han har lært meg å sjå noko meir enn det vi kan sjå. Svart angst, men også håp og tru. Vi veit så mykje om det vi menneske seier vi gjer, men så lite om det vi er.»

Stenersen er heller ikkje redd for å vere festbrems når intervjuaren under opninga i 1978 spør om han no skal starte opp med endå ei samling, og han svarar: «Nei, no skal eg døy, no.» Det hadde han for så vidt også heilt rett i. Han døydde i Bergen seinare same haust.

Utstillinga åleine er ein god grunn til å ta seg ein bergenstur. Dropp Fløibanen om du må velje.

Mona L. D. Mørk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis