JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Å lage ei kunst-
utstilling

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utstillinga «Mot skogen – Knausgård om Munch» blei kuratert av ein forfattar, men i tett samarbeid med museet, og trekte mykje folk.

2291
20180803
2291
20180803

Kuratering handlar om å skaffe seg oversikt over kva verk som finst, og utvikle ein plan for korleis dei skal plasserast saman. Såleis er kuratoren med på å bestemme korleis publikum opplever verka.

Det varierer sterkt kor synleg kuratoren er. Ofte er det berre nesten umerkelege grep som hjelper kunsten til å kome til sin rett. I det andre ytterpunktet er kuratoren meir som ein medkunstnar som nyttar verka til kunstnarane som notar til å komponere ein symfoni med. Det er først på nittitalet kuratorane får dette handlingsrommet. Enkelte meiner kuratoren tek for mykje av merksemda frå kunstnarane, og det kan verte ein kamp mellom kunstnar og kurator om korleis verka skal lesast.

Kven har rett til å kuratere ei kunstutstilling? I praksis kan det vere kven som helst. Gjester utan kunstfagleg bakgrunn kan bli inviterte, til dømes Karl Ove Knausgård, som kuraterte ei utstilling på Munchmuseet i 2017. Dette vart det også gjort eit poeng av med tittelen «Mot skogen – Knausgård om Munch». Samstundes vart arbeidet gjort i tett samarbeid med museet. For dei etablerte musea, som kunstsosiologen Dag Solhjell kallar «eksklusive kretsløp», er særs forsiktige med kven som får kuratere. Desse tonegivande institusjonane legg vinn på profesjonalitet og høg fagleg kvalitet for å halde oppe ryet sitt. Kurateringa skal vere solid handverk og bygge på stor kunnskap. Personlege interesser eller for nære band skal ikkje kome i vegen for utvalet. For det er eit faktum at ei strategisk utveljing kan vere med på å auke marknadsverdien til verka, særleg om dei vert stilte ut på dei mest framståande utstillingsstadane.

Galleri som er avhengige av sal for å overleve, treng ikkje vere like opptekne av denne forma for renommé. I slike utstillingar finn vi eksempel på nær familie som står som einekurator. Til dømes driv dei tre kunstnarane Vebjørn og Aune Sand og Marianne Aulie eit atelier saman og er kuratorar for kvarandre. Her kjem det ikkje som ei overrasking at grepa er gjorde for å auke salet. Det er sjølvsagt ei ærleg sak.

Det er vanskeleg å lage noko tydeleg skilje mellom dei ulike typane institusjonar, men det er viktig for publikum at det vert spela med opne kort. Elles er vegen stutt til utstillingsstrategiar som skader kunstnarskapet.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis