Kunst

Kunst utan menn

Dora Maar: «29 rue d’Astorg» (kring 1936), handkolorert fotomontasje.
Dora Maar: «29 rue d’Astorg» (kring 1936), handkolorert fotomontasje.
Publisert

Kan du nemne 20 sentrale kvinnelege kunstnarar?

Dette spørsmålet stilte den britiske kunsthistorikaren Katy Hessel seg. Då ho innsåg at ho ikkje greidde det, tok ho til å leite. I fjor kom boka The Story of Art without Men, som tek føre seg kvinnelege bragder frå renessansen til i dag. Enno i dag er det slett ikkje uvanleg at kunsthistoriske bokverk knapt nemner eitt kvinnenamn. Så det er ikkje underleg at Hessel fekk braksuksess då ho lanserte boka i fjor. Boka er alt omsett til fleire språk.

Det er ein gjennomgåande tendens at også dei kvinnene som er kjende i samtida, fort vert gløymde etter at dei døyr. Ei av årsakene er at kvinner har etterlate seg overraskande få spor. Dei vert vigde sparsamt med plass i kunstfaglege tekstar, separatutstillingane er færre, og verka vert sjeldnare innlemma i kunstsamlingar.

Hessel har grave djupt i materialet – og funne gull. The Story of Art without Men gir innblikk i kven desse kvinnene var, og korleis dei var med på å endre kunsthistoria. Det er særleg måten Hessel plasserer kunstnarane inn i ein historisk, kulturell og politisk kontekst på, som gjer bokverket så sentralt. Når ein les bøker om kvinnelege kunstnarar, vert dei gjerne tolka mot ein bakvegg av mannlege kunstnarar. Denne historiske oversikta over kvinnelege representantar for periodar og retningar kan bøte på dette.

Eit eksempel er den franske fotografen Dora Maar (1907–97). Trass i at ho er heilt sentral innanfor retninga surrealisme, er ho mykje meir kjend som modellen og elskarinna til Picasso.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement