Kunst
Kunst til folket!
Eit tjuetal måleri frå renessansen og barokken er strøydde utover Madrids gater av Prado, det spanske nasjonalmuseet i Madrid.
«Keisar Karl V etter slaget ved Mühlberg», 1548, Tizian.
Foto: Museo Nacional del Prado
Kva ville du sagt om du snubla over eit digert måleri frå renessansen ved trafikklyset i ei travel handlegate? Ryttarportrettet av Karl V heidrar sigeren over dei protestantiske fyrstane i slaget ved Mühlberg i 1547. Verket er signert den italienske kunstnaren Tizian, ei praktfull skildring av menneske og hest, med klare referansar til bronseskulpturen av den romerske keisar Marcus Aurelius frå år 176.
Eit tjuetal måleri frå renessansen og barokken er strøydde utover Madrids gater av Prado, det spanske nasjonalmuseet i Madrid. Utstillinga A la vuelta de la esquina (Rett rundt hjørnet) er forsynt med eit bykart, så ein kan leite opp bilda av kunstnarar som Goya, Rafael, Rembrandt, Velázquez og Leonardo da Vinci.
Fallgruvene er mange, det er slett ikkje enkelt å få eit slikt stunt til å fungere så godt som dette. Prado har samstundes god øving i denne uvanlege utstillingsforma. På 1930-talet spreidde museet måla kopiar av hovudverka sine til heile 170 bygder kring i landet, såleis at folk der òg skulle få glede av verka. Og i åra 2015–2019 har realistiske kopiar av måleri vore viste i fleire byar i Mellom-Amerika, på dei karibiske øyene, i Manila, delar av USA og Spania.
Etter meir enn eit år med strenge koronatiltak har museet hengt opp digitale trykk av meisterverka sine der folk er, på fasadar, gjerde og dører over heile byen. Perioden mars–juni 2020 var første gong museet stengde sidan det vart bomba under den spanske borgarkrigen. Sidan har besøkstalet gått kraftig ned.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.