Kulturminne på låven

Åsta Østmoe Kostveit har laga ei vakker bok om eit emne som er nytt i litteraturen om norsk folkekultur.

Hestemotiv med ei kvinne med hol i stakken og ein kar i fellebrok.
Hestemotiv med ei kvinne med hol i stakken og ein kar i fellebrok.
Publisert

Åsta Østmoe Kostveit har reist på synfaringar frå låve til låve og samla inn unikt materiale, riss frå godt over 100 låvar. Forfattaren har brei førehandskunnskap om emnet sitt, om den gamle folketrua og førestillingsverda i det heile, slik ho før har synt i ei rekke bøker. Ut frå denne eineståande bakgrunnen tolkar og skildrar ho det ho ser skore inn i veggene på dei gamle låvane, og få kan gjera det betre enn henne.

Riss og skjering

Tittelen på boka, Folkekunst, tidtrøyte eller magi, legg opp til eit interessant definisjonsspørsmål. Forfattaren drøfter spørsmålet i siste kapitelet og kjem fram til at «Svaret treng ikkje vera anten/eller. Kanskje heller både det eine, det andre og tredje». Kanskje er det like greitt at forfattaren ikkje legg opp til ei meir vidløftig teoretisk drøfting, for da måtte boka ha blitt ei anna. Føremålet med boka er ikkje ei teoretisk drøfting av omgrepa, men å gje eit oversyn over emnet riss og skjering i tre i folkekulturen.

Boka inviterer til eit landsomfattande verk, for teikn, symbol og figurskjering finst over heile landet, særleg i gamle låvar. Kostveit har gjort ei inngåande registrering i eit utval låvar i Telemark og bygdelaga omkring, særleg treskjelåvar.

Tolking

Presentasjonen og tolkinga av motiva som er innskorne i treskjelåvane, er interessante. Det er særleg hesten som har stor plass, slik som elles i dyreverda i folkekunsten. Så har vi hender, manns- og kvinnefigurar, båtar og skip og det som forfattaren tolkar som magiske teikn. Kostveit prøver også å datera dei og sjå om det er eit geografisk mønster i kor ein kan finna dei ymse teikna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement