Kulturhistorisk gåvepakke
Ørnulf Hodne er best på kyrkje- og kulturhistorie, ikkje samtidskultur.
Venabygd kapell på Venåbygdsfjellet.Venabygd kapell på Venåbygdsfjellet.
Foto: Halldis Myhre TveteFoto: Halldis Myhre Tvete
Historie
Påskefeiring i Norge. Kirke, folketro og folkelige skikker er den førebels siste boka til folklorist og kulturhistorikar Ørnulf Hodne om norske høgtider og tradisjonar. Boka er ei nyutgjeving av boka Påske. Tradisjoner omkring en høytid som kom ut første gongen i 1988. Den oppdaterte boka tel nokre fleire sider enn førsteutgåva, men hovudstrukturen frå første utgåva er ført vidare i den nye.
Formelen
Først gjennomgår Hodne den kyrkjehistoriske og kulturhistoriske bakgrunnen for påskefeiringa i Noreg. Deretter tek han lesaren med på ein kronologisk presentasjon av den kyrkjelege og folkelege feiringa av påska: fastetida og fasteskikkane, den stille veka med palmesundag, skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan og første, andre og tredje påskedag. Dei tre siste hovudkapitla tek høvesvis for seg «Værtegn», «Påsken i våre dager» og til slutt «Fjellpåske». Bortsett frå nokre enkeltståande tematiske tillegg i form av underkapittel er både innhald og struktur i dei to bøkene like. Størst revidering har nok dei to siste kapitla gjennomgått der nye tema som mangfald og internasjonalisering og kyrkjeleg omsorgsarbeid knytt til påskeferien har fått plass. Utvida plass har òg dei typiske fjellutfluktene i påska fått, belyst frå både eit kyrkjeleg perspektiv med aktiviteten til fjellkyrkjene, og eit folkeleg der særleg skisporten står sentralt.
Ørnulf Hodne følgjer ein kjend og godt innarbeidd formel som plasserer bøkene hans godt oppe på salslistene: eit vekslande perspektiv på kyrkjelege og folkelege tradisjonar knytt til eit tema og stabilitet og endring over tid. Påskeboka er den siste i ei lang og imponerande rekkje av bøker om norske høgtider og tradisjonar frå hans hand. Dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, i tillegg til jul og nettopp påske, er alle høgtider som er vortne detaljert skildra og behandla i populariserte verk. Legg vi til alle temabøkene han har skrive om livsfasar (barndom, ungdom, vaksen), friluftsliv, folkeskulen, norsk forteljingstradisjon, folkeminnesamlarar, magi, trolldom og folketru, i tillegg til mykje anna, kan vi trygt kåra Ørnulf Hodne til ein einar som populærformidlar av norsk kulturhistorie.
Samtida
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.