Film

Kroppskollapsen

Dronninga av kroppsskrekk satsar større med litt mindre suksess.

Mélissa Boros spelar hovudrolla som trettenåringen Alpha.
Publisert

Trettenåringen Alpha (Boros) kjem heim frå fest med ei tatovering gjord under tvilsame tilhøve. Lækjarmora (Farahani) er ikkje imponert. Eit aggressivt virus er på ferde. Broren til mora, Amin (Rahim), har søkt tilflukt på rommet til Alpha. Han er skral, og avhengig av heroin.

På skulen blir Alpha skulda for å utgjere ein smittefare når ho blør frå tatoveringa. På sjukehuset der mora jobbar, er ho og ein sjukepleiar aleine om å handsame stadig fleire dødssjuke av viruset.

Vonbrot

Forventingane mine i møte med ein ny film av franske Julia Ducorneau er massive. Debuten Raw frå 2016 var skrekkeleg forfriskande. Ho viste rått talent og evne til å fortelje effektivt og engasjerande med grep som skapte sjokk og avsky på ein god måte. Ho fortalde fokusert.

Det var stas at ho vann Gullpalmen med den andre filmen sin, hemningslause Titane i 2021. Filmen skifta rytme og fokus undervegs, utan å miste gneisten. Båe var prov på ein regissør med appetitt på kroppsskrekk. Det inntrykket minskar ikkje når ein ser Alpha.

Ho siktar breiare med noko à la dystopisk science fiction. Dei som er ramma av viruset, stivnar og liknar skjøre porselensdokker. Dei visuelle effektane er stilige og skumle. Ein finn mange uttalte referansar til aids-epidemien. Utanforskap og homofobi er på plass i lag med ei forvirrande innstilling til smittevern.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement