Bok
Krøniker i vår tid
Ottar Grepstad har i sitt «emeritat» gitt oss eit nytt mammutverk.
Krønikene byr på kunnskapar om det emnet Grepstad har vigd det meste av det offentlege livet sitt til, nemleg språkreising generelt og den nynorske målreisinga spesielt. Han gjer det ved å utforske ein særleg sjanger innanfor historieframstillinga, krønika.
I Nynorskordboka er krønike definert slik: «eldre historisk framstilling som berre skildrar hendingane etter tidsrekkjefølgja utan å peike på årsakssamanhengar». Ordboka fører òg opp ei tyding 2: «eventyrleg, legendarisk forteljing».
Grepstads bok, som eigentleg er ein nettpublikasjon med eit svært avgrensa tal papireksemplar, inneheld fire krøniker i den førstnemnde tydinga av ordet (bortsett frå at dei ikkje kan kallast «eldre» i leksikografens forstand). Det er altså kronologiske lister ordna etter årstal og dato over hendingar knytte til hovudtemaet for krønika. Eg beskriv dei her kort éi for éi.
Målreisingssoge
Den første krønika er den mest allmenne: «Ei lita verdskrønike om språk 1519–2020». Ho tar for seg utviklinga av moderne standardspråk og skriftkulturar, med vekt på det vi kan kalle stadig nye språkreisingar, inspirerte av og i motstand mot dei etablerte standardspråka i meir eller mindre mangspråklege samfunn, ei utvikling som munnar ut i digitalisering og nye målreisingar av urfolk og andre språkminoritetar. Her er Grepstad altså global på knapt 100 sider, men så vender han til dei grader heim att.
Krønike nr. 2 heiter «Ein skriftkultur blir til 1646–2020». Her er det nynorsken som står i sentrum, sjølv om forteljinga startar midt i dansketida – da er det bygdemål på trykk som står i sentrum for interessa. Det som skjedde i 1646, var at den første norske dialektordboka kom ut, rett nok i København: Christen Jenssøns Den norske Dictionarium eller Glosebog, basert primært på bygdemål frå Sunnfjord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.