Film
Kringsett av fiendar
Filmen om statsminister Golda Meir ser krigen i 1973 frå eit israelsk perspektiv.
Helen Mirren har rolla som Golda Meir.
Foto: Sean Gleason / Ymer Media
Ein kjapp kavalkade av arkivklipp tek oss frå skipinga av Israel i 1948 til oktober 1973. Den israelske statsministeren Golda Meir (Mirren) er sjuk. Etterretninga registrerer stor aktivitet i Egypt, der troppar nærmar seg Suez-kanalen i det som liknar førebuingar på eit angrep på Sinai-halvøya, som Israel har okkupert sidan 1967.
Menn med militær makt samlar seg med Meir, som skal freiste å ta dei rette avgjerdene for landet. Vi får frampeik til granskinga som viser at noko skar seg.
Marlboro Masada
Mange bilettekstar fortel kven som er kven av forsvarsministeren, Mossad-sjefen og så bortetter. Glimt av fjernsynssendingar frå 1973 skal gje truverd til ein film som freistar nærme seg ei sann historie. Blikket er krystallklart israelsk. Dette er Yom Kippur-krigen, ikkje ramadankrigen.
Tidleg er det sakte film og pompøs musikk for fulle mugger. Omgjevnadene er kjende, med krigsrom for diskusjonar og kontrollrom der ein har skjermar og får urovekkjande lydar frå fronten på øyret. Meir må plukke opp røyret på den store raude telefonen rett som det er. Sekretæren hamrar på skrivemaskina. Militærmenn diskuterer strategi. Aldri har så mange røykt så mykje på film. Meir vil helst ha ein sigarett i munnvika under strålebehandling.
Vi får peik bakover og framover, med historia om kringsette Masada og innspel frå ein ung bajas som heiter Ariel Sharon. Dette er storpolitikk frå den kalde krigen. Sovjetunionen har band til Egypt og Syria. USA vil kontre mot kommunismen, men ikkje hisse opp Saudi-Arabia nok til at olja blir dyr. Kissinger i forma til Liev Schreiber teiknar ein meir sympatisk figur enn mange vil setje pris på. Truleg vil òg eit palestinsk publikum fnyse av at filmen forsvarar ettermælet til Meir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.