Film

Krigersk film

Forsvarstalen for oberst Birger Eriksen skrik om ressursar til det militære.

Bjørn Sundquist og Andrea Berntzen spelar far og dotter i Fahres film om senkinga av «Blücher».
Publisert Sist oppdatert

Når endå ein krigsfilm kjem på kino, er det dei viktige hendingane i Drøbaksundet 9. april som står for tur. Vår helt er oberst Birger Eriksen, som hadde kommandoen på Oscarsborg festning då det tyske krigsskipet «Blücher» blei senka. Dette er forteljinga om hendingane på festninga den tåkefulle natta minutt for minutt. Filmen klipper òg til intervjuet granskingskommisjonen hadde med Eriksen i 1946.

Filmhistoria

Dramaet på festninga då tyske skip glei sakte innover Oslofjorden, ser vi i fine, kornete fargar som kler kinolerretet, medan snuttane frå 1946 er i svart-kvitt. Det karakteristiske andletet til Bjørn Sundquist gjer seg støtt, og det passar hovudrolla som ringrev og offiser. Samtalane Eriksen har med dottera, haltar. Det kjennest klistra på for å vise ein menneskeleg dimensjon og får ikkje det beste ut av Sundqvist, ei heller Andrea Berntzen, som var sterk i Utøya 22. juli av Erik Poppe.

Straumen av norske filmar om den andre verdskrigen held fram. Filmar som Den største forbrytelsen (2020) av Eirik Svensson, Krigsseileren (2022) av Gunnar Vikene og Kampen om Narvik (2022) av Erik Skjoldbjærg hadde alle noko attåt. Blücher blir eksplisitt knytt til historia skildra av Erik Poppe i Kongens nei (2016), sidan senkinga var viktig for at regjeringa og kongehuset rakk å flykte. Dei ambivalente elementa i historia gjev ei filmatisering livets rett, men desse kunne vore betre utnytta i Blücher.

Skyt først

Filmen er full av informasjon. Nitide detaljar om klokkeslett og nøyaktig plass på fortet kjem tett. Replikkane har òg militær presisjon. Kanskje dei er for presise. Greitt at meldingar i ein krigssituasjon lyt vere effektive. Vel mange av orda verkar snarare som dei er snikra for å hamre inn ein bodskap, ikkje berre om historia dei dramatiske timane natt til 9. april 1940, men òg som eit rop om meir finansiering av det norske forsvaret i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement