Krigens råskap

Isaak Babel skildrar ein nær gløymd krig i Ukraina for 103 år sidan.

Isaak Babel vart avretta i Butyrk-fengselet i 1940.
Isaak Babel vart avretta i Butyrk-fengselet i 1940.
Publisert

Da første verdskrigen var over hausten 1918, sat ein tilbake med eit heilt nytt europakart i kjølvatnet av at dei gamle stormaktene Tyskland, Austerrike-Ungarn og Russland braut saman og nye nasjonalstatar voks fram.

Samtidig var Russland herja av borgarkrig (1918–1922) mellom bolsjevikane og dei kvite, og det var også eit ønske om å gjenvinne tapte landområde frå det nyoppretta Polen og Ukraina som hadde erklært seg som folkerepublikk (1918–1921) i konkurranse med sovjetrepublikken Ukraina (1917–1991).

Krigskorrespondent

I krigen mellom Polen og Ukraina (1918­–1920) stod folkerepublikken og sovjetrepublikken på kvar si side, og Isaak Babel var med som krigskorrespondent for sovjetrepublikken i Galicja og vestlege Ukraina. Dette er det historiske bakteppet for dei reportasjeaktige novellene i Rytterarmeen, publiserte i ulike forum før dei blei samla og utgitte i 1926.

Forteljaren Ljutov og Babels alter ego er ein ukrainsk jøde som voks opp i det kosmopolitiske Odesa. Han har kanskje eit anna og meir nyansert verdisyn enn det han møter blant dei ukrainske kosakkane i general Semjon Budjonnyjs ryttararmé, og han blir tidvis sett ned på som ein svekling fordi han bruker briller og syslar med litteratur og journalistikk.

Språket i desse novellene er både poetisk med flotte naturskildringar og nyansert bildebruk kring skumring og nattlys, nært og sanseleg, samtidig som det også er direkte, folkeleg og usentimentalt i skildringa av fattigdom, plyndring, stank, råskap, valdtekter, vilkårlege avrettingar og hjelpelause menneske, ofte jødar, som er ramma av krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement